To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 10. mars 2015

Små bibliotekarar -store gleder!

Etter månader med full fordjuping i norsk samtidslitteratur for vaksne, har barnebibliotekaren no fått ein lette med oppdatering på nytt for dei yngre. Nok ein gong har ho innsett at ho heldigvis aldri blir riktig vaksen, at nærliggjande bestemoralder ikkje er nokor hindring for fryd over fjortislesnad, og at ei god biletbok kan gjera dagen minst like fornøyeleg som ein intenst sterk vaksenroman. Formidlingsturnéen finansiert av Fritt ord går sin glade gang -ei oppgåve eg verkeleg kosar meg i- men i nytt møte med sambygdingsborna i går, trykte eg iveren i dei oppvakte barneaugo godt inntil hjartet og retteleg kjende på takksemda over val av yrke.

Førre gongen eg prata bøker i skulen, var hos ei gruppe 2.klassingar. Då var det Samira og skjelettene (Camilla Kuhn) som vekte størst undring og fryd: Tenk at tennene verkeleg er litt skjelett som stikk ut av munnen! Små gutar og jenter sat med tunga halvt hengjande ut av munnen medan dei i skjul tumma på skjelettet sitt under skjorteermet og stirde nyfikne bort på kompisen ved sida for å sjekke at han også verkeleg drassa rundt på eit slik skjelett... Merkelege greier!

Øya av Eli Hovdenak vann også stor begeistring, då elevane innsåg kor mykje rart, skummelt og spennande som gøymer seg i vatnet som Bertil og Bettina uvitande og godtruande og ror ut på med den vesle båten sin... Tør vi bade på Skim etter dette..? (Skim er den lokale utebadeplassen i Lom på riktig varme sommardagar).



I går var m.a. Oldefars ulveskinnspels av Adele Lærum Duus med på besøk til 1.klasse, ei biletbok med supert utgangspunkt for samtale og undring rundt legeyrket slik det kunne fortone seg før bilen, fastlegen og ambulansen var oppfunnen. Utstyret i dokotorkofferten er verd ein times samtale for seg sjølv! I Lom har små born høyrt både om harde fødslar der babyar må sagast ut av mora og ufyseleg stygge sår som må dokterast med dei merkelegaste reiskapar...



I slutten av denne veka, skal eg snakke bøker til ein heil grendeskule med elevar frå 1. til 7. klasse, og bunken godbitar veks kvar kveld: Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen av Ingunn Røyset, Discosatan av Vera Macaelsen, samt Billie Ve av Julia Lossius Kahrs blir noko av snopet for mellomsteget, medan dei yngre i alle fall skal få høyre om Familiehemmeligheter av Isol, Ta med deg døra når du går av Gunnar Opstad og Oliver av Jan Grue. Klikk gjerne på lenkjene her for å sjå kva borna får høyre om. Å prate bøker med barn og unge er som å få jobben i gåve på ny -kvar gong!

Denne godbiten berre MÅ lesast!
Ha ein god lesevår! Og for all del; tjuvles ei og anna barnebok!



Barnleg bloggar: Merete

1 kommentar: