Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 17. mars 2015

On a librarian's mind - eit formdikt

Dette er ei åtvaring. Du må ikkje gå inn i denne teksta med forventningar om å få ei samanhengande tekst med kloke tankar eller fjonge formuleringar som på noko vis gjer deg betre enn du var frå før. Dette er berre eit lite innblikk in a librarian with too many balls for too few hands' mind.




O
ordne
bokbadet
ordne badebadet
ordne boklister
ordne
18
årsdagen
18 år tenk på det
tåre for det glede for det
ordnar seg sjølv ordne diktarar
til diktardagar hugs forfattersentrum tek du powerpointen frå ein gjennomsnitts
føredragshaldar tek du tryggleiken med det same tek du powerpointet? Ordne
fakturagrunnlaget, opprett kriminelt
kveldsbadarrangementet på facebook hugs
å ordne lyden og bestille bøker til sal og
signering slett purregebyret!
Ordne bokpresentasjonen
i morgon hugsar du
4. klasse Harry og
Ivar Superbitchar
måneferda Log
off! Les! Les! I slik
 form er du nok berre
på papiret ordne tid til
trimming av skrotten resten av
livet blir ein kamp mot kroppen
livet er ein hoftefest den som har
hofteledd sist ler best hysterisk
mororsam, knipe! ordne hotell
på Gardermoen ordne tog og
US $s forma er halve gleda
ved dette diktet og attpå
alt tenk at vi har fått
med oss sjølvaste
Linn T. Sunne og
sjølvaste Ruth
Lillegraven til å
formidle Årets
bøker og sundag
reiser vi til Førde
hugs å ordne bil
frå Lom kommune
og hugs å ring
Gunvor og May-
Britt og kast alle
gule lappar før
avreise 27. mars
Kvar får ein kjøpt
tid nå til dags?
Tikk     Takk   

Rita








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar