Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 24. februar 2015

Mikko og sjefen -på same lag!

Vinterferie. Til vanleg den fredelegste veka i året på Lom folkebibliotek. Slik var det ikkje i fjor. Slik ser det ikkje ut til å bli i år. Heldigvis!

Stemningsbilete til vinterferien lånt frå bibliofiolen.blogspot.no
Mange "bortkomne" kjem i desse dagar heim til barndomstraktene, eller røtene, for å trakke nypreppa skiløyper, eta god Schakendakaku og prate seg bort med gamle kjente ved takdropane på ymse butikkhjørna på Bergom. Mest var det nok av dette førre veka, då vinterferien vart avvikla i andre delar av landet. Denne veka er det mest "våre eigne" som skal hamstre lesnad til late kveldar etter endt innsats i siste rest av Kong Vinter.

Laurdag starta med suveren bibliotektrafikk! Ei sår, lita rispe i gleda var at annankvar av dei som kom innom var så skral at boka skulle bli med på senga rett frå bokhylla vår... Hostkulene gjalla tørt gjennom gammelprestgarden, og halvblaute snytfiller gjekk i jamn trafikk mellom broklommene og såre nasetippar. Den eine lånaren etter den andre kufsa seg hutrande ut at med paraceten klar i neven. Slik høyrer jo også vinterferien til...

Mikko og sjefen -på same lag!!
Litt meir positivt er det at fleire av lånarane har fått augo opp for e-boka. Sjølvaste Mikko prydar no
inngangspartiet vårt, der han sit henslengt i sola og hentar nye krefter med e-boka i fanget. Ein super inspirasjon for både yngre og eldre lesarar! Denne veka har alt frå barn i barneskulealder, til eldre damer på godt over 80 fått inngåande kjennskap til dette lettvinte fenomenet, og ein oppegåande bestefar kom til og med innom og etterlyste fleire e-bøker i biblioteka for dei minste! E-boka må pratast ut like mykje som papirbøkene våre, og sunn skepsis må berre motbevisast med stødig kunnskap og forståing for lånaren vi til einkvar tid har framfor oss. Eit lettvint supplement til den trygge, gamle papirboka :-) God ferie!

(Sjefen har også vorte eitt år eldre, noko kollegaen her heilt hadde gløymt... Kan det ha noko med alderen å gjere..?)

E-bokbloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar