Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 17. februar 2015

Dette er ei oversikt

over kva som skal skje på biblioteket og over kvar vise kvinner ferdast i vår. Vi tek atterhald om endringar.

Februar

19. februar kl. 19.30: Danse mi vise, gråte min sang - "kjærlighet og elendighet" i norske samtidsromanar på Smak i Lom.

Dette er startskotet på turnéen vår der vi skal ut og prate norske samtidsromanar ut av bibliotekhyllene. I fjor mottok vi støtte frå stiftinga Fritt ord til dette formidlingsprosjektet. Vi har konsentert oss om  debutromanane som kom ut i fjor. I vår skal vi reise rundt til andre folkebibliotek. Vi har også blitt engasjert av Oppland fylkesbibliotek og Sogn og Fjordane fylkesbibliotek til å formidle debutromanar og andre godbitar frå 2014 for bibliotekarane i dei to fylka. Det synest vi er stor stas. Turnéen vår startar som seg hør og bør på heimebane. Her har vi invitert med oss Einar Gelius til samtale om dei evige tema; livet, døden og kjærleiken med utgangspunkt i debutromanane. Vi skal prøve å halde oss til små ord om dei store kjenslene, og Smak i Lom byr på små, smakfulle bitar fingermat. Inngang: 150 kroner. Drikke ikkje inkludert i prisen.

NB: Det er inga påmelding. Det ryktast at ein god del har tenkt seg i vegen. Vi synest det er veldig bra, og tek sjansen på at alle får både mat og ein stol å sitja på. Velkomne skal de vera!

Vi har invitert Einar Gelius med oss til samtale om "kjærlighet og elendighet" på Smak i Lom torsdag.

Mars

3. mars: Debutantar og dramatikk på Skjåk folkebibliotek.
Vi har invitert med oss vår lokale forfattar Ragnhild Kolden som vil fortelja om krigstrilogien sin og arbeidet med denne. Vi formidlar debutromanar.

4. mars: Norske debutromanar 2014 på Dovre folkebibliotek.

11. mars: Albumefta med Torgrim Eggen: Bowie i Berlin. David Bowies tre år i Berlin på slutten av 70-tallet står for mange som høgdepunktet i ei gneistrande karriere. Opphaldet resulterte i platene Low, Heroes og Lodger. På Fossheimkjellaren 11. mars vil Eggen med lidenskapleg Bowie-entusiasme fortelja om tida hans i Berlin. Plata Low står i sentrum med smakebitar frå dei andre.

Torgrim Eggen. Foto: Cappelen Damm

14. mars: Boklansering - Kroken og Kolden lanserer sin nye krim Død manns kiste på Lom folkebibliotek.

16. mars: Geitekillingen som kunne telle til ti, dokketeater med skodespelar Anette Løbach på Lom folkebibliotek.

18. mars: Debutantar og dramatikk på Sel bibliotek, Otta, med Ragnhild Kolden og oss.

23. mars: Årets bøker 2014 i Førde. Linn T. Sunne tek for seg sakprosa, Merete Byrøygard og Rita Mundal formidlar debutromanar og våre beste leseopplevingar elles frå 2014 for bibliotekarar i Sogn og Fjordane.


24. mars: Kriminelt kveldsbad, Fossberg kl. 19.00.
Bademeister Olav Brostrup Müller skrubbar krimforfattarane Hans Olav Lahlum og Bjørnar Pedersen

Foto: NRK

April

14. april: Norsk samtidslitteratur på Ås bibliotek med Elin Åsbakk Lind, Merete Byrøygard og Rita Mundal. Elin Lind presenterer novellesamlinga En fremmed jeg kjenner. Vi pratar debutromanar ut av hyllene.

15. april: Norsk samtidslitteratur på Enebakk bibliotek med ein forfattar, førebels ikkje avklart, og to bibliotekarar som presenterer debutromanar.

22. april: Debutantar og dramatikk på Nes bibliotek. Saman med vår lokale forfattar Ragnhild Kolden, har vi blitt invitert til Hallingdal og til Nes, hemsedal og Gol bibliotek. Ragnhild fortel om krigstrilogien og arbeidet med denne. Vi formidlar debutromanar.

23. april: Debutantar og dramatikk på Gol bibliotek.

24. april: Ferda-Vinje. Frå Aasmund Olavsson Vinje si reise frå Kristiania til Trondheim sommaren 1860.  Førestilling med Magne Skjævesland.

29. april: Årest bøker 2014 på Gjøvik. Linn T. Sunne tek for seg sakprosa, Per Roger Sandvik presenterer lyrikk, Merete Byrøygard og Rita Mundal presenterer debutromanar og våre beste leseopplevingar elles frå 2014 for bibliotekarar i Oppland.

Bilete: Vinjeproduksjoner.no

Så håpar vi å sjå DEG på eitt av arrangementa våre i løpet av våren.

Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar