Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 24. mars 2015

Priviligert fritert -og den beste boka

Motivert, priviligert, inspirert, oppdatert, fritert -og bittelitt kultivert. Alt dette takka vera Fritt Ord, ein idèrik sjef og ein sympatisk litteraturformidlar.

Foto: Lojal passasjer; Linn T. Sunne.


Eg har:
Foto: svolten sjef Rita Mundal.
- frakta verdfull last gjennom landets verste veg.
- fulgt nostalgiske råd frå lagvenninner og ete verdas feitaste, friterte banan.
- sove på feil side av ei altfor stor seng og ete vestlandslefse med godt smør.
- humpa over isete fjellovergangar  med trua på vinterdekk og takka høglydt for at eg slapp passasjerrolla.
- lånt verdas minste saks av verdas største sjef og stukke nytt hol i beltet (YES!).
- prata så til dei gradar om norske debutantar og samtidslitteratur til ei vaken samling likesinna i grannefylket.
- diskutert kva som eigentleg kan seiast å vera ei god bok.
- smatta på kjensla over å få vera ein del av eit velrenommert lag som inkluderer både ein av våre mest kjende og produktive barnebokforfattarar og ein av landets beste sjefar.



Eg smattar litt framleis.
Og best av alt: eg har lyst på meir.

...ikkje einige om bananar...
Vi var ikkje einige om bananar, bilar og antrekk. Vi var nesten einige om menn, bøker og fargar. Men var einige om at ingen kan seia kva som er ei god bok.

Den gode boka er ikkje alltid -og ikkje kun- den som får bra omtale av høgt utdanna litteraturkritikarar. Det er ikkje kun den som ragar høgast på bestseljarlistene. Det er ikkje kun den som utfordrar, gjer klokare, har det beste språket og den beste historia.

Den beste boka er den som kvar og ein av oss til ein kvar tid kjenner for å lese, anten det er for å kople av, for å oppleve spenning, kjenne på den sitrande forelskinga eller den store sorga, leve oss inn i fantastiske, nye univers og delta i kampen om det gode og det vonde, eller lære noko  nytt, anten om oss sjølve eller andre. Difor må vi alltid leve etter regelen om at kvar og ein av oss er like mykje verd som lesar, lånar, venn og medmenneske. Krim eller husmorporno, fag eller fantasy -vi treng alle bøker for ulike føremål, på lik line som vi treng alle desse vidunderlege menneska som les alle desse meir eller mindre velskrevne bøkene. Og vi treng nokon som kan formidle alle slag bøker til alle slag menneske. Takk til Fritt Ord!

...einkvan som kan formidle...

Ferdig fritert bloggar: Merete

2 kommentarer:

  1. Heldige dere! Høres ut til at dette er noe alle bibliotekarer bør få muligheten til å gjøre! Tusen takk for at dere deler opplevelsene og tankene med oss andre! :-)

    SvarSlett
  2. Ja, vi ER heldige! :-) Tenk om alle kunne få oppleve så mykje flott i samband med jobben som det vi har! Det er klart slik lykke må delast :-) God påske til deg, Marianne!

    SvarSlett