Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 10. februar 2015

Prokrastinert liv har òg ei meining

Dette er ein hotellblogg. Klokka er 09.24, og det som skulle vera ein interessant bløggpøst om folks lesevanar på tog for tida, endar altså opp som ein hotellblogg. Eg oppheld meg i beste Comfortsone i Trondheim. På rom 435 har vi latt alarmen gå hvorhen den vil her i morgontimane. Etter at vi fekk skrudd av spetakkelet, slumra vi søtt vidare til klokka vart både hui og hast, og vi måtte ta grep om eige liv, sprette i dusjen [hyperbol], sluke ein frukost, enkel, vi fråtsar ikkje på morgonkvist, og atter ein gong fann oss i uføret knapp tid, me and I.

Togblogg, sa eg? Vi skal ikkje hefte ved det som kunne vore, men planen var å skrive på toget. Planen var å rusle nedover midtgangen i togsettet og late som ingenting medan toget krenga seg nordover mot Trondheim og skolering i debatt på biblioteket. Planen var å vera bokdetektiv, sjå etter lesarar og på diskrét vis prøve å sjå kva bøker dei hadde på fanget. Deretter skulle det skrivast klokt og informativt om boking på tog til Trondheim. Men som de veit; ting går alltid etter planen. På min raske tur nedover midtgangen til kafévogna ein halvtime før Trondheim, såg eg ikkje ei kløyvd bok. Ein kan seia det var like greitt. Togturen var jo uansett snart over. Sjansene for kloke tankar og smarte refleksjonar kring lesevanar på tog for tida, er dessutan ørande små sjølv for vise kvinner i det klokka tikkar mot elleve. Det finst også dei som bevisst har valt å stå over Operasjon sjølvdisiplin, og elegant utsette skrivinga til morgontimane i dag. Morgonfrisk og opplagt blogging i sekstida gjev som kjend best resultat. Som den oppvakte lesar du er, har du nok skjønt at også den planen gjekk i sluket. Kursdagen startar om eit kvarter. Veit med meg sjølv at drøyer eg ytterlegare, er sjansene store for at eg kjem for seint sjølv om biblioteket er like ved. Det går heilt sikkert an å gå rett, men for ei som kunne blitt eit ynda objekt for Moser-forsk, er sjansene heller små. 

For å ta det informative til slutt; formidlingsturnéen vår med fjorårets debutromanar er snart booka og
klar. Vi startar på heimebane 19. februar. Ikkje så overraskande går livet, døden, sorga og kjærleiken att som raude klutar også i debutromanane som kom ut i fjor. Dei evige tema blir belyst av nye stemmer, med ulike innfallsvinklar, lynne og metoder. Vi har invitert med oss ein som har god kjennskap til dei store spørsmåla i livet gjennom jobben som prest. Einar Gelius blir med oss på Smak i Lom neste torsdag. Det blir bokprat, fingermat, samtaler og refleksjonar kring det å vera menneske. Intet mindre. Vi skal prøve å halde oss til små ord om store tema. Det er ofte det beste. Så håpar vi at rett mange vil vera med oss!

Hey ho, hey ho, it's off to Trondheim folkebibliotek we go.

Rita

2 kommentarer:

  1. Artig å lese denne bloggteksten! :-) Skulle gjerne ha fått med meg en av deres formidlinger om debutbøkene. Hvor kan jeg finne oversikt over turneene deres?

    SvarSlett
  2. Takk for det! Så hyggeleg å høyre. Turnédatoane er på det næraste klare. Vi skal legge dei ut her når alt er spikra. Så håpar vi å sjå deg på eitt av arrangementa! God fredag!

    R

    SvarSlett