Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 3. februar 2015

Vesle spegel på veggen der...

Vi har ein liten spegel på veggen over vasken på bakrommet. Han heng slik til at eg akkurat så vidt når å sjå meg sjølv om eg lettar hælane ørlitegrann frå golvet. Om vi står tett-tett, har både sjefen og eg plass til nesten båe fjesa i den sprettete spegelen på likt. Vi har prøvd, faktisk fleire gonger, og vi har den seinare tida på bakgrunn av synet i den grå plastikkramma konstatert at glansdagane våre er over. Vi har seine kveldar skåla i spegelen og gratulert oss sjølve med alt frå vellukka bokpratar og bra utlåns- og besøkstal, til feiring av Årets Bibliotek i landet. Vi har verkeleg hatt gode dagar, men eit lite bibliotek i ein avkrok av ein fjelldal ser si avgrensing. Det var festleg så lenge det vara.

Glansdagar på hell... (her frå boksal i partytelt på Fjordingsmartna)
Når slimposane sprengjer, blodtrykket boblar og håra tyt gråstive or krona, innser også ein ovanpå bibliotekar at årene har vorte for stutte for langdistanseroing. Men kaste loss? Nei, det ligg ikkje for brorparten av oss. Ho StorSjølv har farta meir det siste året enn nokon gong; oppdrag her, foredrag der, representasjon langt bortom alle fjellovergangar, og møte i travle byar -ein misjonær for litteratur og bibliotek. Ho blir lagt merke til, og har knapt nok tid til spegelen vår... Sjølv er eg lukkeleg når eg får pusle på heimebane; rusle på barnekontroll og prate varmt om høgtlesing og kvalitetstid med små, nye menneske, tusle bortpå skulen og pirre ungdomen til leseglede, gøyme meg bak peisen med fjortislesnad på kalde kveldar. Og sjølv rekk eg snart ikkje opp til spegelen lenger...

Tid for barnekontroll.
Midt opp i all denne kvardagen bryt ei ny, gild glede gjennom og lyftar oss opp att til nye høgder! Førre tysdag, rett etter at bloggen var publisert, fekk vi e-post om at vi er blant finalistane til verdas beste nynorske blogg! Framtida.no, Noregs Mållag og Norsk Målungdom står for kåringa, og etter 100 forslag og 38 nominerte, sklir VI inn blant 12 finalistar! Vi lyt pusse spegelen og ta ein ny skål for det gode livet i gammelprestgarden! Ei stor ære, og litt rart, å vera representert blant forfattarbloggar, gjennomarbeidde matbloggar og solid utanrikspoiltisk fagblogg. Den som ønskjer det, kan gå inn og stemme fram sin favoritt blant dei nynorske nettskribentane på framtida.no. I mellomtida skal underteikna ha fine stunder med to grupper nye verdsborgarar og deira foreldre på helsestajonen -ei av kremoppgåvene i kvardagen.

Skål for nominasjon!

Feststemt bloggar: Nynorske Merete


1 kommentar: