Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 27. januar 2015

Mindre nu enn da?

Seks år, to månader og 424 innlegg seinare, finn vi det på sin plass å sjå oss over aksla. Her er starten:

tirsdag 4. november 2008


Vi bloggar!

Oppstart 4. november 2008. Mindre da enn nu?
Hei!
Vi er "Dei 3 vise kvinnene" som jobbar på Lom folkebibliotek. Vi prøver å følgje med i den digitale tida vi lever i, og har difor oppretta ein blogg for å spreie boktips til lesarane våre og dele små og store gleder og sorger frå kvardagen til ein bibliotekar. Kor vise vi er, vil vel vise seg, men vi har ambisjonar om å finne rett bok til rett person til rett tid. I alle fall ein gong i blant. Vi håpar at de lesarar også vil bruke bloggen vår aktivt og koma med kommentarar, tips og korrigeringar til oss slik at vi blir veldig interaktive!


Lite ante vi om alt det eventyrlege, morosame og bibliotekgledelege vise kvinner skulle få oppleva desse åra. Vi skal ikkje gå i detalj. De finn det dokumentert her inne om de vil, og trufaste følgjarar har nok fanga opp eitt og anna. Den eine viskvinna som var med oss i starten, måtte gje seg på grunn av helsa for eit par år sidan. Ny viskvinne har kome til, dei fine linene er ikkje fullt så fine lenger, dei grå håra er i rivande utvikling, blodtrykk er på stigande, artrose like så, men vi lever og leverer og har blitt kjende med bibliotek- og litteraturfolk over det ganske land gjennom denne, vår digitale side. Det set vi umåteleg stor pris på. At eit lite bibliotek og tre små bibliotekarar inst i ein fjellheim skal oppleva noko slikt, er noko vi ikkje ein gong hadde vit til å drøyme om. Takk til alle følgjarar og vener av vise kvinner, lokale som globale, som følgjer - følgde - har følgt oss desse åra. Så avsluttar vi med ei lita hylling av ein liten fyr med hatt og stokk og spør oss eller let ver', om vi va mindre da enn nu.



Rita 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar