Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 20. januar 2015

Sjefen og Lillemor over Valdresflya

Frå tidlegare ekspedisjon, avsidesliggjande.
Realityseriar av ymse karakter går si sigersgonge TV-verda rundt -tøffare, råare, eklare og meir romantiske, klissete og latterlege enn nokon gong. Sist ute er Tjukken og Lillemor, som har lagt seg i hardtrening for å gå tvert over Grønland på ski. Solid pondus og ymse stil på skigonga inga hindring...

To av tre vise var tidleg ute med ekspedisjonar, og har fleire gonger m.a. turnert avsidesliggjande vegar herja av vårflaum og steinsprang med boktralle og nistepakke på slep. Vi har trassa sår hals og deklamert Jonsson og Aukrust gjennom bålrøyk i mange minusgrader, servert vekesferske vaflar med fint strø i seine nattetimar, og prata varmt om norske bibliotek og nordisk litteratur under bognande aprikostre på grillfest i Toscana. Vi er nær sagt van med ekspedisjonar, faktisk.

Denne gongen har vi planar om ei utflukt av ein litt annan art. Vi har jo båe teke opp att ymse treningssuksessar frå yngre dagar, og framstår no som superspreke, med gyngande musklar som dissar freistande under skinnet. Vi har også i seinare år vorte utstyrte med ei hendig kiste fylt opp med alt ein kan ha bruk for -og nytte av- til ein lengre utfart. I tillegg har vi lese oss til solid kunnskap om ny, norsk samtidslitteratur, noko andre bør få glede av. Altså: vi må ut. Med booka oppdrag heilt borti Hallingdal, må vi då altså smørje skia og ta tolmodet fatt, ut i den vakre, norske vinteren -Valdresflya er som kjent vinterstengt, og å køyre rundt med bil blir for "tasse", som vi seier i Lom.
Kiste med alt av utstyr for ekspedisjonen.

Om nokon skulle observere eit par vadmelskledde bibliotekarar på ski, berande på ei gild kiste
mellom seg, er det altså greitt at de gjer veg for ekspedisjonen. Der er jo raka vegen, men lell da, gut... Då ynskjer vi oss god tur!

...og forresten, det er sant som Sjefen seier: Eg har trua på oss!

Bloggar ved godt mot: Merete

4 kommentarer:

  1. God tur! Det meste går an når berre true' er god!

    SvarSlett
  2. Takk for det! Har alltid hatt trua på oss, ser du, må berre overtyde Sjefen av og til ;-)

    SvarSlett
  3. De er forbilledlege tauser båe to!

    SvarSlett
  4. Å nei, tusen takk for det, Mariann! Det skal vi minne kvarandre om når skia blir bakglatte og kistebøra kjennest uuthaldeleg tung på ferda vår! Kanskje du blir med som smøreekspert..?

    SvarSlett