To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 13. januar 2015

Debutantar & dramatikk - ein formidlingsturné

Vi har lese oss opp. 14 norske debutromanar down, 8 to go. Ikkje overraskande er dei fleste av dei restarande på mi liste. Ho er jo så innmerete effektiv og pliktoppfyllande. Det skal ho ha. Kva vi har lese? Vi har lese om menn som spring, menn som spring langt og fort, aleine eller i flokk, seint eller tidleg, intervall eller på veggen, menn som spring ut av sitt gode skinn og inn i tettsitjande tights i mesh og eit eller anna fuktspreiande materiale som held dei tørre, kjølege og komfortable, menn som spring og berre er tidelar unna å nå målet på mila. Hadde det ikkje vore for dei forkjøla ungane og dei forbaska masete konene dei måtte dele det tronge hotellrommet med. Fortærande! 


Foto: Aftenposten
Vi har lese fristil-bøker om korleis ein kan bruke gjedde på finurleg vis, om dovne dønningar, om vegen over klippen med ein italienske giovanni som vegvisarar, nippa til amoretto og aldri spurt etter leidi med slik vin. Vi har blitt kjende med Edward Niema som ingen saknar, vi har høyrt lyden av asfalt i Groruddalen, drøymt om Tyskland og mora oss kosteleg med Jan Beige og verdas mest perfekte adoptivforeldre i Drammen. Vi har sagt at vi har heile dagen og vore med til Korea, men det er ei anna adoptivhistorie. Vi har vore gjennom alle biverknadene av cellegift og gått på brune barar i Bergen. Nå er vi snart klare for å ut og prate bøkene ut av hyllene i bibliotek rundt i vårt langstrakte land. I dag går tilbodet ut til biblioteka i Gudbrandsdalen. Vi har fått med oss vår lokale forfattar Ragnhild Kolden som skal prate om krigstrilogien sin. Så håpar vi at nokon vil ha besøk av ein forfattar og to bibliotekarar. Og på tampen; tusen takk til Fritt ord som har støtta prosjektet.

2 kommentarer:

  1. Flotte tiltak! Biblioteka gjer mykje bra - og eg hadde ikkje klart meg utan.

    SvarSlett
  2. flott artikel du burde hatt slik design som denne

    SvarSlett