Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 6. januar 2015

"AH-ATSJOO!"

"Nå ha e prøft någå nytt her i dag! ...Atsjoo!" Hektiske roser i kjakene, som skjelv etter akutte nyseanfall grunna ein kraftig allergisk reaksjon etter årets spinninginnsats i går kveld, stoppar ikkje sjefen i kreativ utfalding. Nok eit år er tydelegvis spunne i gang med den første av eit hav av endelause idéar for og med litteraturen. Denne dama er utømeleg...

Akk, ja -eg får vel freiste henge med i svingane også dette året. På ny kjenner eg mine eigne avgrensingar risle gjennom skrotten, men så lenge ho sjølv nys ut idéane, skal eg meir enn gjerne vere med og lokke -eller jage- folket inn i eventyr, fantasi, humor, glede, kunnskap, sorg og kjærleik på måtar dei aldri trudde var moglege. Dei vise er rusta for ny dyst! AH-ATSJOO!

Det nye av i dag var ikkje verre enn litt ommøblering i skrankeområdet, som vi også har fleire spanande planar for i nær framtid. Nye kulturfondbøker har lett for berre å bli registrert, før dei finn sin behagelege plass i hylla, for å kvile der trygt i månadsvis. Ikkje bra! Frå og med i dag har nye, norske bøker fått sin utstillingsplass i eiga, flott hylle ved skranken, på lik linje med nye, omsette godbitar. Slik kan vi lettare finne fram til og prate ut dei nye, også litt ukjende bøkene, og lånarar som unngår maskråkene på vakt, vil også raskt kunne bli freista av dei utstilte perlene. Taktisk, lettvint, arbeidssparande og klokt!

Ei anna omvelting er rundvasken vi vart tvinga til å ta i kjøleskapet etter straumbrot i romjula. Etter at sjefen har knegått kjøkengolvet med klut og avfeittingsmiddel, ser kjøla vår no innbydande delikat ut! Så tidleg på året er skapinnhaldet hos 3 vise sparsommeleg, men luksuriøst. Sjølv ser eg mest fram til korkespretten...

Dei andre planane må vi halde tett med eit bel til, så heng med: framhald følgjer! Godt nytt år!

Allergifri, stuttfatta bloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar