Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 30. desember 2014

Summa summarum 2014

It's the time of year for lister, forsett og gode råd. Gode råd er like billege som den norske ribba for tida. Du opnar ikkje eit nettbrett utan at eit Slik og ingenting slår imot deg. Slik fiksar du jobbintervjuet, iPhoneknappen, økonomien, golv som knirkar, gamle jeans, ny partnar, nye Besseggar, nye bikinikroppar, nye bikinikroppar.

Det er også the time of the year for summaries. Er ikkje det eit snasent ord? Summaries, summaries, smakar av sommar, honning og fløffy brumlebassar på sommarens evige pub til pub-runde, der dei supar nektar med svirebrør i paradishagens rosa kneiper med namn som Frøken Epleblom, Balderbrå, Stabil Akeleie og Salig Kvile. For ikkje å gløyme stamstaden Viola Riviniana nede ved klukkebekken, der dei prisar livet, poesien og biesvermeriet rundt små runde bord med kvite hekladukar i svale skuggen frå furua som sist, på ein trettidagars herleg humlesnurr utan ubehag. Vel, nok om det. Her eg sit lent over kaffikoppen på årets aller siste bibliotekdag, stinn av all høgtidas uhumskheiter og gumlar på ein nyleg spretta Kong Haakon eg gjekk meg på på bakrommet (har sett i ei av listene at det er lurt å ikkje ha slikt ståande på nyåret, nokre råd tek sjølv eg på alvor), finn eg det for godt å dele Tre vise kvinners bzz bzz bzz zum zum zummary for 2014.

Tre vise kvinners summa summarum 2014


Januar
  • Ei av viskvinnene hadde lese den vakraste kjærleikssoga i norsk litteratur og real life i jula, Brev, 1970 - 1975 av Olav H. Hauge og Bodil Cappelen. Trass harselering med gode råd, er denne viskvinna viskvinne nok over seg sjølv til å rå deg til å lesa denne.
  • Utdeling av Årets bibliotek 2013. And the winner was Time bibliotek som fekk velfortent heider og ære og vår alles kjære Bibliotek-Brage på kjøpet.
  • Vi presenterer Magnhild og mamsellar for bygdekvinnene.
  • Vi kan på tampen av året slå fast at fast lesetid heller ikkje i år vart nokon suksess. Men lesetid har det vore til gangs. Vi har kome fram til så mange timar brukt til formidling og førebuingar at det ikkje eignar seg på trykk. Barne- og ungdomsbibliotekaren toppar statistikken både når det gjeld timar og blodtrykk. 

Februar
  •   Vise kvinner tek negativ folketalsutvikling på alvor og proklamerer erotisk aften. Same dag får bygda nytilsett prest. Dette var utan samanheng for øvrig, men det går jo an å lage ein betre historie av slikt, noko både GD og hovudstadspressa gjorde. Vise kvinner set pris på å bli spreidd som gode rykte, men den erotiske aftanen svann som sjog for sol attpå tøyr'n i mars.
  • Vi har fleire titlar på topp 15-lista for utlån som bibliotekarane sjølve har prata ut av hyllene bl.a. 1964 av Ragnar Hovland, Fuglehotellet av Tiger Garté, En elv en gang av Bonnie Jo Campbell, Ned til elva av Leif Enger. Vi klappar oss på aksla for dette.
Mars
  •  Vi samlar framtidsdraumar, deltek på foreldremøte og tek den viktige foreldresamtala, vi skriv om rausness og hundetankar.

Sjølv om bibliotekarane verkar uklåre,
er det aldri for seint å skaffe seg
verdas einaste bibliotekboksar.
April
  • Vi arrangerer dialektkvelden Råte, rønje, sjele for Lom, Skjåk og Vågå. Morosamt! Tips til andre. 
  • Vi tek årets fyrste is og kaffi på tråppa.
  • Vi har leselystkampanje for 3. klasse, 4 intense veker med bokpresentasjonar og einsidig fokus på lesing på skulen. Mange elevar oppdagar verkeleg lesegleda etter desse årlege samarbeidsprosjekta, så også i år. 

Mai
  • Du skjønne milde, om flinke frøknar og borkebåtar, om vår faste viskvinne som held stand i skranken når dei to andre er på studieturar, kurs og konferanser.
  • Studieturistar frå Vang og  Sør-Trøndelag besøkte oss.

Juni
  • Nokon får reise på tur. Avslutning av The Stranger-project og årets studieturistiske høgdepunkt: Toscana

Snakk om å føle seg valmuande.



Juli
  • Det er sommartider hey hey. Vi avvikilar ferie, førebur Diktardagar, bakar mjukbrød og tek fram Tor Jonsson 22. juli. 
August
  • Det handlar om Diktardagar, Diktardagar, Diktardagar, skulestart og formidling, formidling, formidling.
Jon Hjørnevik og Sigrun Slapgard på Diktardagar.
Foto: David Aasen

September
  • Vêret var strålande sol den dagen ei av viskvinnene var med på opninga av Hauge-senteret og møtte sjølvaste Vev meg eit teppe-Bodil.
      
  • September med storklokkom kimte og utløyste poetisk raptus.
  • Even, Even, Even, Even, Even, vår eigen fjelldikt-formidlar, vann sylv i NM i litteraturformidling. Vi har ei feiring til gode.

Oktober
  • Vi prøver ut konseptet Albumefta med Turboneger og Harald Fossberg.
  • Vi går i gang med å lesa oss opp på årets romandebutantar og legg opp til turné våren 2015.
  • Nokon sukkar over treigt nett, nokon les boka med årets vakraste tittel i mine øyro; Ensomhetens i Lydia Ernemans liv, dette gjev ein peikepinn på den språklege gjennomføringa i boka. Nokon les gode ungdomsbøker. Nokon køyrer Gudbrandsdalen med Lars Mytting.
  • Vi er rundt og held foredrag i Fredrikstad, Skien og Hamar i oktober og
November
 Desember
  • Debutantdagene på Litteraturhuset i Oslo. Absolutt verd å få med seg for fleire bibliotekarar.
  • Bibliotekturné til Enebakk, Ås og Nesodden.
Å koma til Ås! Eit flott bibliotek med herlege Alf og Linda
og andre framifrå bibliotekarar! Verd eit besøk!


Takk for hyggeleg treff på og utanfor biblioteket, gamle og nye kjennskap og vennskap, takk til alle trufaste følgjarar og ivrige bibliotekbrukarar. Takk for i år! Så håpar vi på fornya kontakt i 2015!

Beste helsing Tre vise kvinner ved Rita

3 kommentarer:

  1. Eit aktivt år på Lom bibliotek skjønar eg! Ønskjer dokk ei god nyårshelg!

    SvarSlett
  2. Hei!

    Det skjedde da litt i 2014 også. Godt nyttår til deg og takk for at du følgjer oss!

    Beste helsing viskvinnene

    SvarSlett
  3. flott artikel du burde hatt slik design som denne

    SvarSlett