Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 4. november 2014

Barnet og den vonde litteraturen

"...ho stuttføtte..."
Etter å ha vore tilsett som barne- og ungdomsbibliotekar i ei årrekkje ved det same, vesle biblioteket, veit vaksne folk i bygda at "ho stuttføtte på biblioteket -ho les fint lite vaksenlitteratur. Ho anbefaler bøker så det står etter, ja, men ho har visst ikkje lese så mange av dei sjølv, nei..." Folket aksepepterer det, og dei må pent sjå stort på det når eg slumpar til å bomme skikkeleg med påprakkinga mi av det eg hardnakka hevdar er ei leseverdig bok.

På andre sida verkar det som at eg etter alle desse åra har opparbeidd ein tillit og og ein kunnskap om litteratur for dei yngre som både vaksne og unge med ujamne mellomrom støttar seg til. Nett det kjennest først og fremst tilfredsstillande og godt, men også skummelt og utfordrande for ei som berre ønskjer at lesarar i alle aldrar skal få gode, skumle, artige, pinlege, romantiske og rystande leseopplevingar. For kva er eigentleg ei god barnebok? Kva ønskjer foreldre, lærarar og bibliotekarar at borna skal lese? Og ikkje minst: Kva ønskjer borna å lese sjølve? Kva får eit barn til å ønskje å lese meir, finne andre bøker?

Eg trur ingen vaksne kan bestemme kva som er sunt å lese for det einskilde barnet. Nokre bøker har
eit innhald som gjer at vaksne vegrar seg for å la barnet lese nett den boka, som t.d. lesnad som er seksuelt vinkla. Det er derimot ikkje einstydande med at barnet ikkje vil ha utbyte av å lese det. Seksuelle overgrep som tema i barnebøker kan t.d. vera skremande og uforståeleg, men det er ikkje dermed sagt at slike bøker ikkje skal skrivast -eller lesast. Det same gjeld bøker om  krig, vald og andre traumatiske tema vi naturleg ønskjer å skjerme borna våre frå. Det eitt barn kan bli skremt av å lese, kan eit anna barn t.d. finne trøyst i. Ved å lese om andre som har det vondt og vanskeleg, utviklar vi oss, og gjennom litteraturen kan vi opparbeide oss reiskap til sjølve å handtere vanskelege situasjonar. Såleis blir også dei gruvsame barnebøkene viktige og riktige. Vi gjer urett mot born ved å skjerme dei frå kunst som kjennest vond og frykteleg. Vi må derimot aldri gløyme å prate med borna om det dei les, anten det er det er leitt eller løyleg.

I fjor vinter las eg boka "Flukten fra leir 14" av Blaine Harden, og synet mitt på mennesket som skapning var ikkje lenger det same. Eg hadde mareritt om natta, eg vart kvalm når eg handla mat, eg vart redd å sjå nyhende på TV -ei stund. Men så tok eg til å prate om dette forferdelege eg hadde lese; mange av dei eg har rundt meg måtte høyre kva eg hadde lese, korleis eg opplevde det og kva det gjorde med meg. Eg måtte bearbeide dei sterke inntrykka -også eg, som vaksen. Då kan ein berre tenkje seg kor viktig det er at borna får hjelp til å prate ut om det dei har lese. Der har både foreldre og lærarar ei stor og viktig rolle, men også vi som bibliotekarar er ei viktig brikke i dette. Vi er ein utanforståande som kan vera lett å tru seg til dersom vi har klart å byggje opp tillit hos lånaren. Vi må syne oppriktig interesse, gje barnet tid, oppmuntre til samtale og vera imøtekomande -kvar dag! Vi må ville bibliotek, vi må kunne litteratur og vi må ønskje å vera medmenneske -visst ikkje, lyt vi sjå oss om etter anna arbeid.

I tillegg kjem all litteraturen som er kun til glede og underhaldning, og diskusjonen om kva som i så måte er bra litteratur og ikkje, er for meg ikkje alltid like interessant. Det viktige blir då at boka tilfredsstiller lesaren i slik grad at det blir artig å lese fleire bøker. Og der er vi menneske heldigvis så ulike at det blir uråd å finne ei bok som passar for absolutt alle.



Stuttføtt bloggar; Merete






2 kommentarer:

  1. Takk for kloke ord, Merete. Dei har eg allereie delt med andre. Kan du ikkje skrive om dette andre stader også? Til dømes biblioteknorge-lista? Det trengs. Signe deg!

    SvarSlett
  2. Så kosleg attendemelding, Mariann! Dette sette eg umåteleg stor pris på, for eg var usikker på om nokon i det heile orka lese gjennom skribleria mine denne gongen -også... Sprei bodskapen for det den er verd, eg kan sjølvsagt også spreie vidare :-) Takk for gode ord!

    SvarSlett