Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 28. oktober 2014

Ingen veit kvar tastaturen endar

Medan Mannen står for fall, står vise kvinner på reisefot. Nokon av oss har blitt superbrukarar av NSB altfortidlegtog, og i morgon bestiller vi vekking i kvart over fire-tida, hutrar oss inn i, la oss inderleg håpe, ein isfri bil, der Lars Mytting ventar. Lars og eg skal køyre i stummande oktobermyrkre nedover til Otta stasjon. Han er jo døl og kjend på svingane, så han skal få føre ordet utan avbrot medan eg skal vakte oss vel for hjort og prikkar og andre belastningar. Det er lettvint med Lars. Vi har denne stillteiande avtala.



Eg forlet han på Otta stasjon.
Det høyrest mest ut som ein song av Bjella eller ein lagnad verre enn dauden, eller det er jo omtrent det same, men same det, det må nesten bli slik. Eg forlet han på Otta stasjon til fordel for ein annan mann. For eg fall i helga. Eg fall for Rune Christiansen. Eg fall for Rune Christiansen og setningane hans da han fortalde om Lydia Erneman og einsemda hennar. Eg fell framleis. Eg sit på jobben og lengtar etter å høyre stemma hans på ny, tett inntil, berre han og eg. Det er heilt greit at han fortel om ei anna kvinne, denne Lydia, for det handlar jo også om oss, om meg og han. Eg lengtar faktisk så mykje etter å vera saman med han, at eg skal innom og hente han og ta han med til frisøren.

Etterpå.
Kvart over tre skal eg synke ned i frisørstolen. Alt som før. Nr. 6. Klipp om du må, la ver'om du kan. Og så, medan blandinga verkar, skal eg ta han fram, rydde plass til han oppå eit perfecthomedontcome, og så skal vi vera barnslege og ironisere over liksomidyllen der, ein høgare lampehimmel, lzm. Herleg dom! Nei, vi let oss ikkje lure, Rune og eg, og så håpar eg i det minste at vi får ein time. Så skal vi stresse heim til neste epoisode i realityserien More or less mindful madams og prøve å halde oss unna kvarandre nokre timar før vi avsluttar kvelden oppslukte i sjeselongen. Og når altfortidlegtoget rullar inn på Otta stasjon, er det berre meg og deg, i fem timar eller så lenge det varar, Rune, og vi skal sitje tett saman på NSB Stille, og du skal kviskre til meg om Lydia, og eg håpar inderleg vi finn ein kupé vi kan ha heilt for oss sjølv.

Rita

Slik kan det gå når ein ikkje anar kva ein skal skrive om ein tysdag i oktober. Ingen veit kvar tastaturen endar. Vi gjer merksame på at alle personane i teksta er fiktive, og at bytet, Lars, handla mest om format. I bilen er det du som gjeld, du som kan alle svingane.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar