Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 21. oktober 2014

Tysdagssukk



Når nettet er nede og køen er lang,
det ruskar så ilt bak i panna.
Det hjelp ikkje ein gong dra det med tang,
når fiber`n vil heilt noko anna.

Blodtrykket putrar og boblar på kar
og køen den aukar og veks,
førkja bak skranken blir skjelven og rar
-og sjefen er "eitrande kveks"...

Det er ikkje sunt med dagar som dette,
då ingenting flyt som det skal;
hormonar som jamnleg òg treng ein lette
tårnar seg opp -og til fall.

Vi dreg oss til pause, sveitte og øre,
ringjer febrilsk til ein Mann:
"Kom no og hjelp desse einsame, skjøre!"
-vi lokkar og ber det vi kan.

Men lista er lang over dei som treng Mannen;
"I morgon, men ikkje i dag!"
Vi lest ikkje merke den ulmande brannen,
freistar ei syne vårt nag.

Det toppar seg snart for sjefen på huset
-så byr eg fram varsamt mi hand.
Då slår ho i bordet med mummikruset,
kvinna på tolmodets rand:

"Eg orkar `kje dette med teknologien;
eg VIL at ting skal fungere!
Nei, gje meg heller papirtrilogien,
med bøker eg KAN jo briljere!"

Eg nikkar og seier meg einig med dama
-det skulle jo vore som før...
Men vedgår i stille -det er løyleg med drama,
festleg med gneistrande glør.

Så, kjære lånar, når vi pratar oss bort
-kanskje det trengst, det, nett då;
når fiber`n er halvlei vi får jo `kje gjort
det som vi aller helst må...




Tolmodig bloggar: Merete






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar