Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 9. september 2014

Vêret var strålande sol

Opning av Olav H. Hauge-senteret i Ulvik

Førre veke pakka eit par av viskvinnene reisetaskene sine att. Den eine vart hovudhanka til Fredrikstad for å halde inspirasjonsforedrag, og skal vi tru dei førebelse rapportane, vart østfoldbibliotekarane i fyr og flamme over å høyre kva det går an å få til med våre små ressursar. Vi tykkjer det er stor stas å bli brukt til dette føremålet. Ingenting er betre enn å kunne inspirere andre bibliotekarar.

Den andre viskvinna reiste sør og vest, over fjell og fjord og over fjell og fjord på ny, til ho såg det fyrste bugnande plommetreet i Ulvik. Ho var nemleg så umåteleg heldig å vera invitert til opninga av det nye Olav H. Hauge-senteret med påfølgjande poesi-festival i Ulvik. Olav H. Hauge-senteret er ei driftsavdeling i Nynorsk kultursentrum. Det føreligg planar om tilsvarande driftsavdelingar i Vinje og her i Lom, og det var i dette høvet at ho var invitert.

Og "Veret var strålande sol." Dei siste orda Olav H. Hauge skreiv i dagboka den 16. mai 1994, var som skrivne for opninga av senteret. Staden Ulvik er ein poesi-festival i seg sjølv, og grunna knapt med tid i hektisk bibliotekvardag og målløysa denne viskvinna vart råka av da ho opplevde skjønn litteratur på nært hald i desse omgjevnandane, blir det augeblenkar festa til fotolinsa ho deler med dykk i dag.

Programleiar Ruth Lillegraven og
leiar i Den norsk Forfatterforening, Sigmund Løvåsen.
Foto: Olav H. Hauge-senteret / Harald G. Johnsen
Leiar i Den norsk Forfatterforening, Sigmund Løvåsen, sa i opningstala at han håpa Hauge-senteret ikkje berre blir eit senter, men eit kraftsentrum for norsk lyrikk og litteratur. Senteret er også det billegaste nasjonale kulturbygget vi har. Til samanlikning kostar det i underkant av 100 meter ny veg.

Eg dreg ifrå glaset.
Senteret oppfordrar til oppdagisngsferd.
Utsyn frå senteret.
Tidlegare og noverande direktør i Samlaget
på bryggekanten.

Den aller fyrste lærarinna, lærarinna med stor L,
Lisbet Lid Venås, er sitert på veggen på Olav H. Hauge-senteret.
Lomvêrar er godt representerte inne på Olav H. Hauge-senteret. Lisbet Lid Venås er sitert på veggen frå bokmeldinga ho skreiv om Spør vinden: Ein får kjensla av at han sit der inne i Ulvik med heile jordkula og menneskesoga mellom hendene sine, og med vismannens skjønnsemd og vørnad for livet, tolka med alvor og humor. Olav Aukrust var ein av Hauge sine inspiratorar og ein av dei norske diktarane han held høgst. På senteret er han avbilda saman med bl.a. Bjørnson, Duun, Nygard, Vesaas og Wergeland. 
Stor augeblenk for bibliotekaren å få helse på Bodil Cappelen,
enkja etter Olav.

Ulvik - ein poesi-festival i seg sjølv.
Eg oppfordrar med dette alle til å leggje turen til Ulvik og Olav H. Hauge-senteret for å dra opp besøkstala, oppleva det spennande senteret og staden i seg sjølv.

Rita


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar