To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 23. september 2014

Albumefta

Albumkveld. Albumefta. Fenomenet har ein lese om her og der dei siste åra. Menneske treffest på eit etablissement for å høyre ei plate frå start til slutt utan prat undervegs. Kanskje er det ein protest mot multitasking, mot det digitaliserte livet. Kanskje er det ein protest mot spotifisering og wimping og oppløysinga av albumformatet som har skjedd i vår tid, der folk plukkar låtar og lagar spelelister som dei går rundt med i lommene? Kanskje er det eit behov for å dele ei oppleving i uforpliktande fellesskap til knitringa frå vinylen, mest som å sitte framfor leirbålet. I alle tilfelle, dette har vi lyst til å prøve ut. Vi har musikksamling og dette er formidling.

I vår inviterte vise kvinner med seg ein musikknerd og ein jovvial publikumsinnpiskar og tok turen til Trondheim. Trondheim folkebibliotek har lang erfaring med å arrangere albumkveldar, og inpirerande Stian Stakset tok vel imot oss. Det var ikkje akkurat lett fordøyeleg listepop vi fekk servert denne kvelden. Plata som snurra var The Residents Duck Stab frå 1978 presentert av Håkon Gebhardt, trommisen i Motorpsycho. Blant studieturistane frå fjellheimen var det svært ulike reaksjonar på musikken frå den dedikerte fan som hadde med plater og varma oss opp med i bilen, til viskvinna som skrukka på nasen, velsigna dragspelinga til smeden og sutta på ein bohemian rhapsody. Atter andre sette si ære i å vera open minded og fann seg ein ny favorittgjebursdagssong, happy, happy birthday to me, happy birthday to me!
 
Foto: Bjørge Stein J / Aftenposten

Onsdag 1. oktober dreg vi i gang på Fossheimkjellaren. Og vi har gjort litt av eit skup! Harald Fossberg, den fyrste vokalist vi høyra fekk i Turboneger, platepratar, journalist og levande leksikon, skal spela Turboneger si plate Ass Cobra, bokstaveleg tala frå ende til annan. I tillegg blir dette "coming home" for Fossberg. Tippoldefaren, Per Amundsson, var møllar i kvernstugu ved Prestfossen frå 1862 - 1878 og oldefaren Erland tok med seg Fossberg-namnet frå Lom. Dette tykkjer vi er knipe ta så tøft. Planen er å arrangere 3 albumefta før jul. Musikksjangrane og platepratarane vil variere. Det blir neppe presentert album som "alle" har i spelaren. Platepratarane er dedikerte fans eller utøvarar, og nerdefaktoren blir sjølvsagt skyhøg. Kom igen!

Ikkje slips-, men nerdebrilletvang. Foto: Arkiv
Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar