Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 30. september 2014

Kroppen med det rare i...

Han som gjer inntrykk.
For nokre år attende vart 3 vise vàr ein stutt kvitlugg frå grannekommunen Vågå, ein merkjeleg rugg som på særeige vis gjorde usletteleg inntrykk på dei aldrande kvinnfolka. Kroppen sette så pass djupe spor i damene at dei laut bløytleggje hovuda og finne på noko lurt for å lokke guten nord om tunellen (lokalt uttrykk, då ein halvskral tunell skil dei to grannekommunane frå kvarandre, eigentleg aust-vest, men lokalt forstått som sør-nord...). Bibliotekarane klarte då etter kvart å hyre inn denne sjeldne menneskehannen på nokre få arrangement, til glede for ei rekkje tilhøyrarar, men bokdamene var sugne på meir.

Då Norddalsbiblioteka gjekk saman om prosjektet Ord om Fjell, var det eit gullkanta høve til å invitere den spretne vagværen på ein kaffileka og ein neve nøtter. Initiativtakarane trong eit par-tre gode røyster til å lesa inn poesi for fjelldiktbloggen, og valet fall lett på den uforgløymelege Even.

Er han fødd på ei scene..?
Even ber det høgnorske etternamnet Lusæter, har ei sjeldan gild interesse for nordisk språk, læt fele både solo og i lag, og det skulle ikkje undre meg om han beint fram er fødd på ei scene til ljomen av norsk tradisjonsmusikk. Like netthendt som han meistrar spakane på større reiskap (les gravemaskinar!), kan han leve seg inn i den mest finstemte lyrikken og formidle han så kjenslevàrt at den mest hardbarka norddølen kjenner sitringar i djuptliggjande nervesystem. Berre minutt etter kan han prestere ein lått så urovekkjande brutal at det kjennest som himmelen raknar over hustaka. Denne Even er stutt sagt ein samansett kar med evner utover det daglegdagse.

Brage-Linn med det gode vesenet, og dei gode bøkene.


Gleda stod i taket i gammelprestgarden då vi førre veka fekk høyre at vår gode venn og samarbeidspartnar hadde meldt seg på ikkje noko mindre enn NM i litteraturformidling i Aust-Agder! Dobbel glede var det at også Linn T. Sunne hadde gjort det same, ein fleire gonger Bragevinnande forfattar ei mengd unge i Lom har trykt tett inntil hjarta, på lik line med 3 vise. Vi skulle så meir enn gjerne vore publikum på Sørlandet den 26., men det kom litt "stufs" på... Så gjekk det som vi nesten hadde tenkt; Even sjarmerte seg så til dei grader inn i dei sørlandske hjarto at han prata til seg heile den gjeve publikumsprisen, i tillegg til ein skinande blak sylvplass! Vi er så utruleg stolte over å ha noregseliten innan lyrikkformidling med på laget, og kjem til å freiste alt vi orkar med det vesle vi har for vidare samarbeid med båe desse personlegdomane! Det vil vonaleg bli mange kaffekoppar med tilhøyrande diskusjonar av dialektiske krumsprell på Aukrustsk vis på bakrommet også i framtida. Kanskje blir det nokre edlare dropar frå Skrinet med det rare i også..? HIP, HIPP, HIPP til dykk båe to -no skal det feirast!

No blir det ball i Lom!! ...med edlare dropar frå Skrinet med det rare i...

Feirande bloggar: Merete



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar