To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 2. september 2014

Endelaust stutt

Endelause elver og vegar...
"Du fæ skrive stutt!" Den same kommandoen annakvar tysdag, når eg er tiltrudd bloggartastaturet. Ho Sjølv briljerer jo aldri med faglege utgreiingar brodert ut i kunstferdige, gilde teppe pynta med poetiske sitat og finurlege ordvendingar (jfr blogginnlegg førre veka...) Ho er snøgg og lettvint slik. Trass i at Ho i dag har svinga seg med nervøse tøyremser, gule striper og endelause elver og vegar som snirklar seg gjennom land, over fjell og bruer. Skrankeområdet er i dag sjefspryda av ei utstilling utan ende, av bøker som tek deg med på reise til framande stader og ukjende endemål. Eg undrar på om ho ikkje har ein draum om å la seg flyte med sjølv, også. Der må eg skuffe henne -ho MÅ bli her!

Faglege utgreiingar med någå attåt.
No er det ingen fare for at eg skal gje meg ut på faglege utgreiingar og analytiske krumsprell i utide -slikt sparar eg til seine kveldar med kun Henne og meg framfor hyttepeisen. Mine faglege vurderingar er så stutte og lettfattelege at vi tek dei attåt "hardbrødbetan med spikjipysje" ein sein haustkveld. Det er greitt å ha ein sjef som held styr på og formidlar slik kunnskap ut til folket, med tunga rett i munnen og dei riktige orda på skjermen. Sjølv er eg best på lesing og slikt; lese barnebøker, bere barnebøker, prate barnebøker, rydde barnebøker, kjøpe barnebøker, formidle barnebøker, banke barnebokbodskapen inn i foreldrehovud. Noko det meste av denne dagen har gått og går ut på :-)

Dagen starta med bokprat i 5.klasse, der eg fekk lesa og prate barnebøker i over ein time! Så var eg snøgt innom chenillesjefen, som vifta med med gule striper i neven, og vanst så vidt å ringje mitt trufaste Opphav om at eg hadde reist frå pengeboka med eit visst naudsynt plastkort i dag, før eg hadde ny runde med over ein time bokprat på barneskulen. Gode bøker, oppglødde elevar og laange ventelister! Nede hos sjefen hadde Opphavet i mellomtida pliktoppfyllande levert sakna plastkort og ei elles skranten pengebok (høyrde noko om alderen, som eg ikkje heilt fekk med meg...). Takk! Etter bloggskriving ber det i kveld vidare på foreldremøte for 6. og 7.klasse, der skal eg prate, prate og prate -JIPPII!! :-) Det er greitt å ha ein sjef som dansar på barrikadane -då får eg halde på meg mitt så lenge :-) Ha ei strålande stuttreist veke med uendelege mål!

Stutt bloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar