Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 5. august 2014

Diktardagar og netter

Vise kvinner har nesten ikkje stunder til vanlege viskvinnesyslar for tida. Nå er dagar og draumar fylte med susing frå betalingsterminalar, telefonar, lydanlegg, utstillingar, Diktarmiddagmenyar, eit ståbord her og ein barkrakk der, scener som skal byggjast, utstillingstavler som skal sprayast, kasser med bøker for sal og signering, lange lister med raude hakar som gjev inntrykk av kontroll og av alt dei ikkje tør tenkje på. For til helga brakar det laus, og vi håpar at innan den tid er alle hakar raude og alle micar på og at akkurat du blir å sjå på eitt eller fleire av arrangementa.

Veldig hyggeleg når bransjefolk stikk innom.
I går Øivind Frisvold frå bibliotekarutdanninga ved HiO
og kona Nora Schjoldager, bibliotekar ved UiO 1978 - 2013.

Midt i førebuingane står brått ein bibliotekar frå Rhode Island i døra. Eit lite bel etter openberrar sjølvaste Øivind Frisvold frå bibliotekarutdanninga seg. Det viser seg at han er på sin årlege visitt i fjellheimen og som seg hør og bør, gjestar han bokheimen vår igjen. Det set vi stor pris på sjølv om einskilde av viskvinnene nok framstod som noko bortreist under besøket.

Biblioteket er stemnekontor under Diktardagar og vi utvidar opningstida:

Fredag 8. august: 10.00 - 18.00
Laurdag 9. august: 08.30 - 14.00

Programmet ser de her: http://diktardagar.no/diktardagar-2014/program-2014/

Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar