To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 29. juli 2014

Diktardagar

Årets Diktardagar i Lom, Skjåk og Vågå går av stabelen 8. - 10. august. I år er det grunnlovsjubiléet og Jan-Magnus Bruheim som er gjennomgangstema under dagane.

Sigrid Moldestad kjem.
Under Diktardagar framfører ho Bruheim på heimebane.
Sigrid Moldestad kjem, Frank Aarebrot kjem, Rolf Groven og Stein Ørnhøi kjem. Tre skriveføre kvinner frå dalen kjem òg. Ragnhild Kolden frå Lom lanserer den nye boka si, Fredens frosne hjarte. Den prisvinnande Gyrid Axe Øvsteng frå Vågå reiser på bibliotekturné og møter ungar i alle tre bygdene. Ho kjem hit til oss fredag 8. august kl. 13.00. Sigrun Slapgard frå Nord-Fron som i fjor vann Nynorsk litteraturpris for boka Engelstien, deltek på bokbadet.

Tre skrivande kvinner frå dalen kjem.
Gyrid Axe Øvsteng, Sigrun Slapgard og Ragnhild Kolden.
Jon Hjørnevik vil krydre dagane med sprelsk poesi, Hemsing & Hansegård med hallingkast og forrykande bogeføring. Det blir Diktarmiddag på Fossheim, Tor Jonsson-foredrag med Gard Espeland, utstilling med Rolf Groven og laurdag kveld skrubbar Magnhild Bruheim Kolden, Slapgard og Hjørnevik på bokbadet.

Morosame og poetiske menn kjem.
Jon Hjørnevik stiller med gitarist Dagfinn Iversen.
Sundag berst det til fjells med tur til klimaparken Mimisbrunnr og Elveseter, eit svært godt tilbod under Diktardagar. Dagane blir avsluttar med geologisk og kulturhistorisk vandring i Lom sentrum.

Skaparen av Atomgutten, Rolf Groven, kjem.
Du kan sjå program og ordne billettbestillinga på nett eller på biblioteket, tlf 61 21 16 30, biblioteket@lom.kommune.no OBS: Påmelding til Diktarmiddagen og turane innan 7. august. Med festivalpass kan du delta på alle arrangementa med unntak av Diktarmiddagen. Biblioteket er ope frå 10.00 - 18.00 fredag og frå 09.00 - 16.00 laurdag. Vel møtt til Diktardagar. Vi gler oss til å sjå deg!

Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar