Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 12. august 2014

Tre Diktardagar til ende

For ei helg vi har hatt! Blide og dyktige aktørar og begeistra publikum, lugume vêrgudar og teknikk som har stått oss bi, pelsdyrkonsulentar og kanelsnurr, snille hjelparar og rummbrødsselfiar. Dei positive opplevingane står i kø og trippar etter at vi skal dele dei med dykk. Vi kan ikkje nemne alle, men her kjem eit utturhenta utval augeblink frå årets Diktardagar.

Gyrid Axe Øvsteng les frå boka Førstemamma på Mars.
Gyrid Axe Øvsteng drog i gang dagane med bibliotekturné i Lom, Skjåk og på heimebane i Vågå. Her les ho for ungar og vaksne i Lom frå den kritikarroste og prisvinnande boka si Førstemamma på Mars. Ei lita jente nektar å innsjå at mora er på sjukehus. I fantasien lagar ho mange mulege versjonar av kvar mor har tatt vegen. I fantasien hennar er mor anten på handletur, på røvarjakt, eller rett og slett på Mars. Dette er ei forteljing om sjukdom i den næraste familien, men kan like gjerne lesast om sjukdom ikkje er inne i biletet. Eit godt boktips til foreldre, skular og barnehagar.

Den fyrste Diktardagar-prisen til Gyrid Axe Øvsteng.
Fotoet fekk vi låne av prisvinnaren.
Laurdag hadde vi gleda av å dele ut den aller fyrste prisen i regi av  Diktardagar til Gyrid. Målet med prisen er å heidre skrivande menneske frå distriktet, og oppmuntre dei til å føre den stolte diktararven vår vidare. Gyrid er dramatikar i botnen, men dei siste utgjevingane hennar er tre biletbøker i samarbeid med Per Ragnar Møkleby. Vi synest det er gildt å gjera stas på ein barnebokforfattar av Gyrids kaliber. Gode barnebøker er ein uvurderleg skatt i mange barns liv. Ei av viskvinnene la ned ei salikons rose i boka til Astrid Lindgren utanfor Junibacken i sommar i takksemd for sagorna, for humoren og gleda, kjærleiken, trøysta og empatien, for pippi-power og klokskapen ho ga oss som barn. Kan vi tenkje oss ein barndom utan? Lita, men naudsynt avsporing. Hurra for gode barnebokforfattarar!


Inte visst du väl, lilla gumman, att det skulle sitta en vuxen människa i Junigårdens vackra trädgård mer än hundrade år efter att du föddes, och gråta stora tåror för dig. Tack för sagorna, allra käraste Astrid.


Bibliotekfredagen fortsette med boklansering. Vår eiga Ragnhild Kolden er ute med den siste boka i krigstrilogien sin. Boka Fredens frosne hjarte har allereie sopt inn ein femmar i landets største avis og vi håpar at boksalet gjekk strykande for forfattar og forlag under Diktardagar.

Den offisielle opninga av Diktardagar fann stad i Skjåk kyrkje der Sigrid Moldestad med band heldt konsert. Ei flottar opning av dagane kunne vi knapt fått med fullsett kyrkje, faktisk så fullt at nokre måtte sitte på trappa, og ein strålande konsert. Konserten var arrangert i samarbeid med Bruheim-nemnda som har gjort eit framifrå arbeid for å ære Jan-Magnus Bruheim i jubileumsåret.
Pubpoesi med Hjørnevik og Iversen - Heimekontor i gravferda.
Kvelden fortsette med Diktarmiddag og pubpoesi med Jon Hjørnevik og Dagfinn Iversen. Laurdag var duoen på Bakeriet i Lom. Mange stifta kjennskap med poeten og gitaristen i helga. Det var dei som kalla dette for ei hyrdestund for hovudet.
Rummbrødsselfie med GD-journalist Ove Kirkestuen og professor Frank Aarebrot.
Laurdag var det seminar for eit fullsett auditorium der hovudtemaet var 1814. Sjeldan har professortettleiken og talet på sprenglærde vore større i bygda med namn som Frank Aarebrot, Øystein Rian og Stein Ørnhøi.  Og i pausene introduserte vi lokal bakst for dei tilreisande.
Jon Hjørnevik og Sigrun Slapgard. Foto: David Aasen
Diktarlaurdagen fortsette med ei Tor Jonsson-tale av Gard Espeland som det går gjetord om, og festkveld med dyktige lokale og nasjonale aktørar, utdeling av Diktardagarpris og spektakulære hallingkast frå Hallgrim Hansegård til tonar frå kona Ragnhild Hemsing. I det dampande bokbadet på tampen av kvelden hadde vi Jon Hjørnevik som einaste hane i korga saman med tre lokale, skrivande kvinner, Sigrun Slapgard, vinnar av Nynorsk litteraturpris for boka Englestien, Ragnhild Kolden og Magnhild Bruheim som stod for skrubbinga; stor stas!
Juvvatnet og Jotunheimen
Helga vart avrunda med tur til fjells. På bussen fekk vi servert spennande og morosam lokalhistorie med Jorunn Kvale, i klimaparken Mimisbrunnr fekk vi oppleve issmeltinga på nært hald, fekk høyre om jakt og fangst og sjå historiske funn. I desse dagar går arkeologane spennade dagar i møte etter den varme sommaren i fjellheimen med gjennomsnittstepmeratur på 5,5 grader over normalen i juli. Kven veit kva som dukkar opp frå under isen i år. 

Vi vel å avslutte og oppsummere dagane med følgjande sitat av Stein Ørnhøi: "Det er godt å oppleve at folk oppsøkjer ordentleg informasjon. Det viser at mange ynskjer å sjå samanhengar. Folk vil ha kunnskap, og kunnskap er morosamt. Diktardagar fortener difor all rosen dei kan få." Merk dykk dette og set gjerne av datoane for kommande år!

Rita







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar