![]() |
Farvel til røtene -den gongen... |
amerikanarane, og sjølv om ikkje alle har eit syskjenbarn på Gjøvik, så har i alle fall alle amerikanarar røter i Lom -verkar det som: "Hello, I come from America, and my great-great-grandfather came from Lom. Now I search for relatives here in Norway -can you help me..?"
Of course kan vi det! Det er jo ein av grunnane til at vi er plassert mellom alle desse bøkene, permane og kjeldene. Så er det berre det at sommaren er lik ein einaste tilsett på vakt -i inntil 3 veker i strekk... Med eit flog ut og inn av døra av leselystne unge, vitesugne turistar og krimsvoltne vaksne, blir det til tider såleis skralt med hjelp på amerikanarane.
"Nei, si du dæ! Mnja, e driv æmna på någå båking i dag, men ska døm reise att alt i æfta, si du?? Nei, da slæ e tå hæilla, har tå me fyrkla å kjøm nepå på någre menutt, e -såpass lyt nå oss hjølpe døm som ha reist så langt for å finne folke sitt!"
![]() |
Intens jakt i bygdebøker -utmerkt service av lokal bakstkjerring! |
Eg trur det finst mange slike englar rundt oss, englar som sit klare til å hjelpe ein bortkomen bibliotekar. Kanskje veit dei det ikkje sjølve, men det held at bibliotekaren veit det :-) For nokre veker attende tok vi ein hastetelefon til ein kjenning på Vestlandet, som heiv seg rundt, sprang på biblioteket og lånte boka studenten vår var avhengig av å få dagen etter, sendte boka med nattbussen -og la til og med ut for skyssen! Ho skulle berre visst kor lykkeleg studenten var då han henta boka si midt på svarte natta! Bibliotekarane, som ikkje fekk boka tidsnok frå det opprinnelege biblioteket ho var bestilt frå, var også hoppande glade for nok eit vellykka oppdrag!
I 3 veker framover rir eg drifta einsleg i gammelprestgarden, så ingen treng kjenne seg trygg på at telefonen ikkje ringjer... Takk til alle dykk som ikkje veit kva som ventar!
Bloggar utan bakst: Merete
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar