Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 8. juli 2014

Det er ikkje storleiken det kjem an på!

Eg minnest ei tid då bestemødre var gamle, små koner med skrukkete sjeler, forkle rundt livet og kamferdrops på nattbordet. Ei tid då bestemorhuset var eit stille rom tylla inn i eventyrlege forteljingar, endelause dikt og beinkyr i kjeraldet. Eit mjukt minne om eit slott med kong Haakon i porselen på veggen, ferskt mjukbrød på asjetten og sommargult smør i bordskuffen. Ei tid då sommaren var fridom, barhytter, ferske kuruker og sauebjøller i skogen.



Eg minnest også ei tid då sjefar hadde ferie om sommaren. Då ferie var fri, seine kveldar med tjukke bøker og kaffi med grannen på graset ved hafella. Ei tid då sjefar visste kva ferie var.

Så gode minne eg har...



I dag er tida annleis. Bestemødre har sertifikat i lommeboka, mobil i veska og postar bilete på instagram. Bestemødre går på møte, reiser med fly til utlandet og handlar klede på nettet. Dei går på konsert, snakkar framande språk og drikk øl til maten.

Men framleis har bestemødre noko mødre har litt for lite av -særleg om sommaren; tid. Biblioteket fløymer i
desse dagar over av bestemødre med fleire kull bestemorungar som vil låne, lese, teikne, syngje, sitje på fang og prate. Medan mange foreldre framleis kun kan strekkje hals etter ferie -og tid- lever ei mengd håpefulle herrens glade dagar i trygt samver med besteforeldre, syskjen og syskjenbarn. På biblioteket møtest dei alle og utvekslar både eitt og hitt om alt det rare dei har funne på vegen, kor gilde søler det er ute på plassen og kor godt nista i sekken smakar. Av og til kjem også ein stolt bestefar innom med sine yndige små. Det er gildt å vera bibliotekar slike dagar, og det gildaste er å smake på kjensla av at born også i dag har gode stunder med ei bestemor eller ein bestefar.

Verre er det at eg er utstyrt med ein sjef som ikkje har forstått kva ferie er... I mitt naive, godtruande hovud hadde eg sett fram til å leike sjef, assistent, vikar og alle andre høgtsvevande roller heilt for meg sjølv i 3 veker denne sommaren. Eg gledde meg vilt til å bestille bøker eg ønskjer meg, ta sjefsavgjerder, drikke kaffi med vikaren og småkjefte  på assistenten (...eller, nei eg ville vel heller skryte -ho er jo så flink :-) Men nei, da! Første feriedag troppa ho opp her, sjøla! Svinga seg inn på kontoret, fyra i gang pc`en og mumla eitt eller anna om eitkvart ho laut ordne før ho tok retteleg ferie. Ikkje nok med det -i går dukka ho min santen opp IGJEN! Eg reknar derimot med at ho no ligg unna resten av ferien, for i stresset kutta ho seg naturlegvis sund i  inntil fleire fingrar med ein nusseleg, liten tapetkniv -ein skal jo ikkje jobbe i ferien! Den siste halvanna veka reknar eg såleis med å få rå grunnen åleine.

Ein ting har ho i det minste lærte av dette, denne sjefen min: Det er ikkje storleiken det kjem an på! Liten tass kan velte stort lass, og liten kvass kan gjere åt trass! God ferie!

Det er ikkje storleiken det kjem an på!


Bloggar som vaktar seg for å trasse dei små, kvasse: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar