Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 15. juli 2014

Poteten Stein -og poeten Jonsson

Først i skuleferien hadde vi teiknekonkurranse for born i alderen 5-10 år her på biblioteket i høve Gyrid Axe Øvsteng sitt besøk på Diktardagane 2014. Vi arbeidde under temaet "draumar", og las først boka "Draumar", som Axe Øvsteng kjem for å prate om på Diktardagane.


No er 3 vise så heldige at vi kjenner fleire som er dyktige med blyant og pensel, men vi ønskte at vedkomande som skulle leie denne dagen også hadde eit godt lag med born. Då fall valet lett på poteten Stein, som altså kan nyttast (eller nytast, som de kan lese om litt lenger ned...) til det meste. Han har heller ikkje lært omgrepet "nei", og vips -så var dagen i boks! Dessverre var det veldig få born som hadde høve til å kome denne tida i ferien, men dei frammøtte hadde ei fin dag blant fargar, papir og draumar -og is :-) Poteten, stakkar, fekk ei skarve t-skjorte i honorar...

Små kunstnarar med store draumar
Nokre dagar seinare kom den gode Herr Stein ruslande innom her att, og spurde litt forsiktig om vi var interesserte i å låne eit portrett til utstilling -han hadde liggjande eitt han hadde måla av Tor Jonsson for fleire år attende. For tida innehavar av alle stillingar på biblioteket, tok eg tvert ei sjefsavgjerd på at DET var vi meir enn interesserte i!


Berre stutt tid etter kom kunstnaren att med eit uvanleg flott portrett av Jonsson. Ny, sjølvgjort ramme omkransa eit måleri som verkeleg gjer inntrykk på alle som kjem inn døra her! Stein har valt fargar som står perfekt til tungsinnet som oftest låg over lyrikaren, og det intense blikket fangar merksemda til alle som tør titte opp på han. "Han såg skummel ut!" utbraut ei lita jente her om dagen, der ho henført stirte inn i dei kvasse augo på veggen... Altså inkje mindre enn ei sjeldan god tolking av ei uvanleg sjel med uvanlege, gode evner! Vår lånar, potet, kunstnar og barnemagnet har kasta ein retteleg blink med portrettet -og det skulle ikkje forundre oss om han har fleire blinkskot i ermet! Det flotte måleriet vil bli hengjande på Lom folkebibliotek til over Diktardagane, så det er berre kome innom og nyte synet -Jonssons blikk unngår ingen!

Blink, Stein!
Bloggar i snarleg feriemodus: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar