Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

onsdag 25. juni 2014

Kviskring til stjernor

Det finst dagar då også 3 vise kjenner maktesløysa, dagar då solskinet er der, men ikkje vermer, dagar då rommet mellom jorda og himmelen kjennest for stort og uhandterleg. Dagar då eit lite samfunn treng kvarandre -og tida. Denne veka blir det såleis Jan Magnus Bruheim som får dele sine ord med oss og lesarane, til trøyst, styrke og ettertanke:



Kviskring til stjernor


Eg kviskrar til stjernone
namnet ditt
og himlen blir fylt av min kjærleik.
Eg kviskrar til jordi 
um hjarta mitt
og jordkringen syng um din nærleik.

Det susar i rømdene
inni meg,
det livnar ei usagd sæle,
og jordheimskreftene løyser seg, 
så moldi får munn og mæle.

Frå Lyrespelaren av Jan Magnus Bruheim, Noregs Boklag 1977.


Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar