Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 17. juni 2014

A little bit of samba in the sun

Det er mykje som skjer rundt oss for tida. Toscanaturar, eit tjuetals studieturistar frå Trøndelag og litteraturfestivalar har blitt fine blad i minneboka. Ferien er like om hjørnet, og midt oppi alt dette, går den eine viskvinna avstad og blir bestemor. Vi ser oss difor nøydde til å samle oss og ta ei lita oppsummering i strekpunkts form med dykk i dag:

E-bøker er nå tilgjengeleg på alle bibliotek i Oppland og Hedmark, i dei store byane og i fleire andre fylke. Alt du treng for å låne, er å laste ned app-en http://ebokbib.no/ og vera registerert som lånar ved eit av biblioteka. Har du Nasjonalt lånekort og er registrert som lånar ved fleire bibliotek, blir utvalet med ein gong større. Bruk sommaren godt med ditt Nasjonale lånekort!

E-boktips: Bibliotekarane lasta ipadane med lesestoff før avreise Toscana. Dei var veldig tilfredse med bøkene og vil gjerne dele boktipsa med dykk. .

Boktips Merete: Bare en time til av Sanne Mathiassen og Sjansespill av Simone Elkeles. I utgangspunktet bøker for ungdom, men særleg Bare en time til fortener mange lesarar, gjerne også vaksne.

Boktips Rita: Rettsstridig forføyning av Lena Andersson, vinnar av den svenske Augustprisen for beste skjønnlitterære utgjeving i 2013 og Indignasjon av Philip Roth. Alle bøkene var passe lange for våre tog- og flyreiser, vi sat att med ei kjensle av å ha nytta reisetida særs godt og håpar mange andre vil ha like gode leseopplevingar med desse bøkene.

Eksamen og dei fleste sommaravslutningane som perler på ei snor, er unnagjort. Bokinnleveringa på vidaregåande er i full gang og det er atter sommartider hey hey på biblioteket. Viskvinnene håpar å sjå mange fastbuande , turistar, studentar, bibliotekvenner og følgjarar av bloggen på biblioteket i løpet av sommaren.

Opningstidene våre er som følgjer:
Måndag, tysdag, onsdag og fredag: 10.00 – 14.00
Torsdag: 15.00 – 19.00

Sidan du fyrst er i gang med å planlegge sommaren, kan du like gjerne merke av 8. – 10. august i kalenderen. Diktardagar i Lom, Skjåk og Vågå av stabelen. Vi kjem attende til saka, men merk deg dagane og ta ein titt på det varierte programmet med grunnlovsjubileum, Jan-Magnus Bruheim, sundag i Jotunheimen og tur til klimaparken Mimisbrunnr som nokre av høgdepunkta, bokstaveleg talt.
.
Vi er i gang med Sommar+Bok igjen. Ivrige elevar har strøyma på for å hente skjema og sjå dei nye, fine armbanda. Nytt av året er 100+, eige armband og skjema for bøker over 100 sider. Ingen too long, didn't read-miner her i garden. Tjukke bøker og skjema går unna som bollane frå Bakeriet på andre sida av elva. Moro!



Sist, men ikkje minst, hadde vi i førre veke utplassert elev frå ungdomsskulen som blant anna ordna den fine utstillinga over om Brasil, fotball, brassespark og driblingar. Sjølv ikkje-fotballinteresserte trallar litt i sambatakt i skrankeområdet nå for tida.
 

    Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar