Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 22. juli 2014

Fattig ynskje

Det er 22. juli igjen. For tre år sidan brukte vi også Tor Jonsson sitt fattige ynskje da vi skreiv om denne dagen. Vi legg det ut på nytt i dag med resten av teksta i litt omskrive versjon.  

Var eg ein Gud,
ville eg skapa
ei stillare verd.
Der skulle alle elske.

Var eg ein Gud,
ville eg skapa
kjærleik og død,
berre kjærleik og død.

Tor Jonsson


Vi har tenkt så mykje etter 22/7. Vi har leitt etter ord. Ord som kan uttrykkje det vi føler. Ord som kan gje trøyst. Ord som kan gje meining. Ord å halde fast i. Eg trur vi gjer det i alle kriser. Leitar etter ord å klamre oss til. Vi finn songar, dikt, strofer. Vi lagar nye.

Jeg tenker hva jeg vil,
mitt ønske bestemmer.
I stillhet blir det til,
i ukjente drømmer.

Men den frie tanke har si skuggeside. Ord og tankar kan vera farlege. Gjerningsmannen hadde sine som han fann meining i. Vi ser uhyrlege konsekvensar av den frie tanke og hatsk retorikk dagleg. Vår tanke vil alltid forbli fri. Ikkje ei overvakingsteneste i verda kan hindre det. Som vismenn har sagt før oss, må kampen for dei gode orda og tankane kjempast i oss sjølve, rundt middagsborda, i klasseromma, i vennegjengane, på pauseromma, i Norge, i Midtausten, overalt i verda kvar dag, slik at hat ikkje får lov å spire og slå rot og vekse seg stort og farleg. Å tru på det gode, ein naiv framstegsoptimisme for menneskeslekta? Kanskje. Men kva oppnår vi med hat og hemn? Faren som har mista tre barn i Midtausten-konflikta, får stå for håpet, det høgste vi kan nå i den menneskelege evolusjon?  "Conflict is the result of fear, mistrust and suspicion. We need to smash these artificial barriers we have created in our minds because nothing will change until we change what is in our own hearts, minds and souls."

Rita

4 kommentarer:

  1. Flott skrevet, Rita. Rundt middagsborda, på pauseromma, osv. skal vi trekke fram all den kjærlighet vi utveksler. Bevisstheten om kjærligheten har økt.
    Eldbjørg

    SvarSlett
  2. Takk, Eldbjørg! Ja, eg trur og håpar at du har rett!
    R

    SvarSlett
  3. fint skrevet, både av deg og tor jonsson!

    SvarSlett
  4. Takk for det, fru Storlien! Fint å bli nemnt i same andedrag!
    R

    SvarSlett