Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 10. juni 2014

Skjemt og alvor i det store utland



Omfamna av varme, sveipte i salt lykke, ruslar vi varsamt på minna frå ei reise som for alltid vil kvile i hjarto våre. Sterke venskapsknutar knytte i felles forståing på tvert av landegrenser opnar nye grinder for oss utan at henglsene knirkar i samanføyingane. Vi står trygt i dette, vi veks litt for kvar knute -og deler gjerne løyndomen om at dette er eit eventyr av ei anna verd... The Stranger har opna sinna våre, invitert oss inn gjennom dører og vist oss rom vi aldri har drøymt om å få gløtte inn i.

Ei ny dør...
Anghiari -trygt fundamentert på eldgammal grunn.

Med utsyn over Toscana

Mellomaldersk minneklang
Gjensynsglede hos Paolo
                                                  
Lange dagar med stritt møteprogram vart piffa opp med lokale, gastronomiske omvegar som leska deltakarene trygt gjennom varmen.


Turen til Piccolo Museo del Diaro i Sansepolcro gav oss eit innblikk i ei eineståande samling historier nedteikna av vanlege folk gjennom ei årrekkje. Nokre av dei få vi fekk høyre bitar av, støypte seg fast både gjennom sjølve forteljingane, men også ved måten dei var skrivne og tekne vare på. Verkeleg verd å oppleve! Sjølve museumet ligg like ved Tiber sitt utspring, elva som på denne staden vart oppdemd av samanrasa hus under den andre verdskrigen. Ved vårt besøk minte ho mest om ein halvtørr, liten bekk, men historia rundt lyfta stemninga fleire nostalgiske hakk.




Siste kveld i Anghiari, heime hos lærarparet som for eiga hand over tid har restaurert ein vakker stad attende til verdig stil med mursteinshus nydeleg omkransa av eksotiske blomar, gammal nostalgi og ei sjeldan vakker utsikt over den toscanske dalen. For små vise i det store utland var kjensla av å vere ein del av eit filmsett totalt realistisk, der vi rusla rundt i djup passiar med verdsvante folk, stendig nippande til brusande sjampanje. Eldflugene dansa blenkjande tango i lufta, og grillmat vil heretter aldri vere grillmat...



Velkomen inn...
     

...eller sitt ned i blomeenga...
       

Med utsyn over Tuscany Valley
Bobler i glas, bobler i latter -stjerner i augo, stjerner på himmel. Det Irske Muntrasjonsråd i munter dialog med Oppland Fylkesbibliotek over ein aldri så liten påtår...









Attende til alvoret -toscanske prosjektmøte er så mykje meir enn berre varme, latter, mat og vin. Det er fort gjort å få nedovermunn når hjerneceller må jobbe på høggir i pluss 40 i skuggen og det er slutt på isen (det vil seie: sjefen hadde kjøpt ei ekstra kule, så der var truten framleis som ein voggande båt med kjølen på rett kant...)! Respekt.



Ved møteslutt reiste brorparten av Det Opplandske Kompani til Firenze for ei uforgløymeleg pinse. Det var varmt, varmt, varmt, sjefen vart høg på museum og opera, medan Guide Silje og Lille Mus Meg var stortilfredse med å trimme brustein, sjå på velpleia utanlandske neglar og smake på den italienske atmosfæren. Vi har også nok ein gong konstatert at ein pratar aldri betre fag enn over ein svalande drikk i godt selskap, og ved å ta nettene i bruk har Kompaniet nye planar på gang på både det eine og det andre viset... Ein gedigen takk til Guide Silje som losa oss trygt fram og attende i det italienske mylderet, der eit par vise fort blir borte i mengda!

Med  nye planar på gang!



Barndomsvenninner ved Ponte Vecchio


På toppen av Firenze!

Som vanleg når anstendige kvinnfolk er på tur; ein snur seg frå når mannen er uheldig og mister buksa...



Anghiari: We`ll be back! Chiao!

Bloggar i minnemodus: Merete







2 kommentarer:

  1. Eit herleg reisebrev! Toscana med Firenze er berre heilt nydeleg! Takk for at eg fekk bli med på reisa!

    SvarSlett
  2. Firenze er heilt fantastisk, men denne vesle mellomalderlandsbyen vi har besøkt to gonger no er ekstraordinær! Stemninga, menneska, bygningane, luftene, smaken, blomane... -ahh!

    SvarSlett