To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 3. juni 2014

Nattbussen til Toscana

I går, 2. juni 2014, gjekk vi inn i ein ny tidsalder her i Innlandet. For fyrste gong kunne biblioteka i Hedmark og Oppland by lånarane på e-bøker. For å låne e-bøker, må du vera registrert som lånar ved eitt av biblioteka. Du må laste ned appen eBokbib på ipaden eller telefonen din, og så kan du velja fritt mellom dei tilgjengelege titlane du finn der. Når du låner, lastar du ho ned fila med boka, og etter at lånetida på 21 dagar er ute, blir fila automatisk sletta så sant du ikkje fornyar lånet.

Vi gler oss over å kunne tilby digitale bøker til lånarane. E-bøker er smart viss du skal på tur for å spare bagasje. Du kan sitja i sofakroken heime og lesa anbefalingar og bokomtaler i ro og mak når du låner. Kanskje får du tilgang til andre titlar enn det det fysiske biblioteket ditt har i hyllene. Kanskje vil du lesa andre type bøker enn du gjer til vanleg. For alt vi veit, kan e-bøker vera med og endre lesevanar. Bibliotekarane synest det blir veldig spennande å følgje med på korleis det digitale tilbodet blir motteke ute blant bibliotekbrukarane. Vi håpar sjølvsagt at de ikkje sluttar å koma til biblioteket av den grunn. Vi er interesserte i å høyre erfaringar de har med e-bøker, få nye boktips og gode bokpratar over skranken.

Rogn i bløming - tremenning

Bibliotekarane var dei aller fyrste til å teste ut det nye tilbodet i går tidleg. Dei hadde nemleg lovt seg sjølve at på den nært foreståande turen, skulle dei slanke koffertane, ta av nokre kilo eller cellulose som pounds som dei skal briefe på internasjonale airports. Dette kan vera kiloar det kan vera greit å ikkje dra på når ein legg ut på langspurt for å nå gode, men akk, så upålitelege, italienske bussar. På denne turen har dei bestemt at dei skal sitja med nasen i kvar sine ipads. Ja, for du trur vel ikkje at bibliotekarar skravlar og skvaldrar meir enn høgst nødvendig når dei er på tur. I går morgon lasta dei difor sine ipads med nytt og spennande reisestoff. I kveld tek dei nattbussen til Toscana.

Syrin - tremenning

Rita

PS: Same korleis vise kvinner snur og vender på han, blir ipad aldri som papir med aner attende til trea og skogane, kvaen og konglene. Han er prosaisk som ei vaskemaskin, men praktisk. Grei til sitt bruk. Og når alt kjem til alt, så er det jo det indre som tel mest. Eller var det heilskapen?  Same kan det vera. Ebony and ivory.



3 kommentarer:

  1. God tur til Toscana! Uppfør døkk!

    SvarSlett
  2. Som alltid, Anonym!

    SvarSlett
  3. Og takk for det!

    SvarSlett