Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

mandag 26. mai 2014

Frøken Flink

Som nyutdanna lærar kom eg i 1992 til ein liten grendaskule i grannekommuna. Så vidt bikka 20 år, med Vygotsky og Piaget friskt i notatboka, og så godt som ingen praksis i ryggsekken. Eg var klar for Gjerninga. Pågangsmot, visjonar, draumar -det var dette eg ville, dette eg kunne. Elevane kunne berre glede seg! I røynda var eg ein ekte fersking, men det vart ikkje nemnt...


Ikkje mange dagane inn i den nye gjerninga tok Frøken Flink derimot til å gurpe surt under morgonstellet.
Magen vrengde seg ved synet av håra i sluken og brekningane var ustoggelege ved eimen av den før så friskt duftande såpa ved krana. Lærarinna hadde fått i seg noko ho ikkje hadde ete. Pågangsmotet vart kasta opp i do kvar morogn, kvar middag og kvar kveld, og visjonane veiva som eit vagt minne lengst inne i tankeskodda. Draumane hadde krympa til bittelite frø sveipt i Mor Liv. Frøkna som trudde ho visste og kunne alt, hadde kasta seg sjølv ut i eit bårande hav av uvisse...

Omveg
Vel 20 år seinare kan den vesle, no nedlagde, grendaskulen prise seg lykkeleg den ungdommelege elskovshugen til den nyutdanna frøkna. For kva visste vel førkja som tok beinvegen frå gymnas til høgskule om utfordringane i norsk skulekvardag? Mange nyutdanna kjem som ein frisk blåst inn i eit fastgrodd kollegium, men først etter endt utdanning tek lærdom til å ta form, og kvart menneske er lykkelegvis i velsigna utvikling til skrotten sjølv gjev opp Livet. Alle sidevegane, omvegane, beinvegane og bomvegane leier oss fram til stader vi ikkje visste fanst, til nye hus å trå inn i, nye sjøar å dykke ned i, nye historier å fordjupe oss i. Slik er kunnskapen ubotneleg.

Dette vart eg til fulle minna på førre veke, då eg fekk gleda av å oppleve litteraturvitar Anne Steffi Teigland på seminaret "Å skape lesere" på Norsk litteraturfestival på Lillehammer. Etter mange år i lærargjerning og enno fleire år som barne- og ungdomsbibliotekar, trudde eg at eg visste kva for litteratur som passa til ymse born i ulike situasjoanr. På foreldremøte har eg i årevis drege fram bøker om sorg, død, skilsimme og sjukdom, og messa om kor viktig det er for born med
Sjø å dykke ned i...
slik litteratur for dei små som har det tøft, og kor fint det er for vaksne å stø seg til litteraturen når livet blir vanskeleg å forklare. Så kjem Teigland og snur heile oppfatninga mi på hovudet: Det er ikkje når vi står midt oppe i ein traumatisk livssitauasjon at vi treng bøker om vanskelege tema -då treng vi heller litteraturen som ei flukt frå alt det vonde. Då treng vi verkeleg dei gode historiene og dei fantastiske reisene inn i det ukjende -meir enn nokon gong. Så får vi heller førebu dei små på tunge stunder i livet ved å lese alvorlege bøker om vonde tema før den traumatiske kvardagen slår oss over ende.

Takk til Teigland for ny innsikt, takk til Kunnskapen for si botnløyse, takk til Livet med alle desse kronglete vegane!

Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar