Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 20. mai 2014

Om borkebåtar og barnlege bibliotekargleder

Da vi var små, var bekken noko av det gjevaste som fanst. Særleg på denne tida, like etter at isen hadde gått, og han rann vårfrisk med solkant på små, muntre bølgjetoppar, og ein var like lettfløygd som Askeladdens gode hjelpar eller som Guro, som Guro med håret flagrande etter seg i vinden. Det var ei tid for vassing og løyndomar, for så lenge sjogen låg i høom, måtte ein nemleg ikkje finne på og avkle seg det skapte grann. Sit ikkje på steinom, ropte bestemor i det barnebarnet la på sprang ut i vårdagen, for flate steinar var så visst ikkje til å sitja på. Fara for blærekatarr med påfølgjande komplikasjonar, var overhengande. Heldigvis var dette ei tid da dei vaksne ikkje var med ungane og leikte, og det var ikkje absolutt alt dei trong vita. Vi var fem - seks ungar i grenda, og store delar av året budde vi i leikarhus ved bekken. Leikarhusa var små kvadrat av passe tunge steinar. Husa hadde lauvtak og elles opne løysingar. Bekken var ikkje av dei største og striaste, men han hadde stikkrenne og ved leikarhusa våre var det rolege viker som var som skapte til sjøsetjing av borkebåtar.



Etter som åra har gått, har ein tenkt meir og meir på desse borkebåtane vi spikka. Dei har blitt meir og meir forseggjorde med lasterom med ørsmå luker og master og segl av blåfivreldvenger. Turane har blitt lengre, og sjansene er store for at dei fortsatt seglar rundt ute på verdshava. Og så plutseleg, midt i den kjære leiken med eigne borkebåtar, treffer ein uforvarande på andre borkebåtentusiastar. Og ikkje kva som helst borkebåtentusiastar heller. Fyrste frydefulle møte fann stad under ein konsert for eit par år sidan der sjølvaste Lasse Winnerbäck brukte borkebåten som bærande symbol gjennom ein film som danna bakteppe for Söndermarken, ein song med 12 verser om hela livet.


Den andre var nå i helga. I boka Farlig midtsommer opnar ei anna stor heltinne, Tove Jansson, med Mummitrollets mamma som sit på trappa i sola og riggar ein borkebåt. Og litt seinare:


Mummitrollet lå på sin vante plass (eller en av dem), sammenrullet i den grønngule mosen og med halen stukket varsomt inn under seg.
     Alvorlig og tilfreds kikket han ned i vannet mens han lyttet til flagringen av vinger og den søvinge summingen fra biene.
     Den er til meg, tenkte han. Den må være til meg. Hun lager alltid den første barkebåten om sommeren til den hun er mest glad i. Siden gir hun til litt forskjellige for at ingen skal bli lei seg.


I år er det er hundrede år sidan Tove Jansson vart fødd i Helsingfors. Ho er mest kjend for dei omarbeidde bøkene og teiknefilmane om Mummitrolla, nær sagt dessverre, for dette har gjort at mange lesarar ikkje kjenner dei opprinnelege bøkene og teikneseriane som er minst like eigna for vaksne. Underteikna har humra, ledd høgt, vårmelankolikaren har blitt lokka fram og mest av alt har ho fryda seg over raffinerte rampestrekar i Sommerboken og Farlig midtsommer. Ho har tenkt å gjera dette til eit Tove Jansson-år og oppfordrar alle følgjarar til å gjera det same, gjerne på ny. Det bur eit Mummitroll, ei Lille My eller ei bestemor (85) i trassalderen, i oss alle.





Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar