Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 29. april 2014

The boxer

Er du blant dei som går rundt med ei litt diffus kjensle av at det er noko som manglar i livet? Eller er du blant dei som med sikkerheit veit kva det er, men ikkje har tatt steget fullt ut. Uansett, sjansene er store for at du etter å ha lese dette, er eitt steg nærare å få stetta behovet. For bakom syng ikkje lenger berre skogane med sine trastar og stærar, bakom syng nå også bikinisesongen eller, som vi yndar å kalle det, bibliotekboksarsesongen, for full hals. Vi veit at det kryr av bibliotekarar og bibliotekvenner ute i vårt langstrekte land som går rundt og drøymer om å eige sin heilt eigen bibliotekboksar. Vi finn det difor naudsynt og heilt på sin plass, å minne om at vi som dei einaste i verda, kan innfri dette ynskjet. Vi tek imot bestillingar på epost på biblioteket@lom.kommune.no, på facebook , på telefon 61 21 16 30 og elles overalt der det måtte høve. Ta steget!

Dame-og herremodell - small til XL.


På kjøpet får du temasongen.




 The boxer

Paul Simon

I am just a poor boy
Though my story's seldom told
I have squandered my resistance
For a pocket full of mumbles such are promises
All lies and jests
Still a man hears what he wants to hear
And disregards the rest

When I left my home and my family
I was no more than a boy
In the company of strangers
In the quiet of the railway station running scared
Laying low, seeking out the poorer quarters
Where the ragged people go
Looking for the places only they would know

Lie la lie ...

Asking only workman's wages
I come looking for a job
But I get no offers,
Just a come-on from the whores on Seventh Avenue
I do declare, there were times when I was so lonesome
I took some comfort there

Lie la lie ...

Then I'm laying out my winter clothes
And wishing I was gone
Going home
Where the New York City winters aren't bleeding me
Bleeding me, going home

In the clearing stands a boxer
And a fighter by his trade
And he carries the reminders
Of ev'ry glove that layed him down
Or cut him till he cried out
In his anger and his shame
"I am leaving, I am leaving"
But the fighter still remains

Lie la lie ...

Rita


4 kommentarer:

  1. Når eg kjem att frå Kypros skal eg jamen kjøpe meg ein bokser!

    SvarSlett
  2. Ein ufatteleg god plan! Ta steget!

    SvarSlett
  3. Er set one-size-fits-all eller er set et infamt & ydmykende måleskjema man må gjennom?
    Jeg har akkurta mimret med venninne fra sømlinjeårene, om hvordan man mest diskret måler indre benlengde på menn samtidig som man finner ut om de "bærer tyngden" på høyre eller venstre side.

    SvarSlett
  4. Kjære fru Storlien!

    Her er det ingen one-size-fits-all! Her er det kvar mann/kvinne - sin boksar. Vi vel dei ut med stor omhu. Vi har sett det naudsynt å kategorisere noko frå small til xl, så det einaste du må gjera, er å kategorisera deg. Treng du hjelp til dette, har bibliotekarane lang røynsle med kategorisering. Men boksarane er som du skjønar voldsomt fleksible. Når det er sagt, er det sjeldan vi måler indre beinlengde på menn når vi sel boksarar utan at dei ber spesielt om det.
    R

    SvarSlett