Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 22. april 2014

Bibliotekarbluse og havreknekke

I dag tidleg vakna den eine viskvinna av kvardagen som ringde på døra altfor tidleg. Viskvinna lata som ho ikkje var heime, kneip att augo og kroa seg i det mjuke famntaket til natta enda eit bel. Ho la puta over øyro og fekk stengt ute den ihuga lauvsongaren som køyrde evergreenen Gull i munn, Gull i munn på repip frå morgonkvisten rett utanfor ruta. Ta deg ein meisebolle, mumla ho under puta. Men kvardagen ga seg ikkje så lett. Han har sine metodar, og på null komma svisj var viskvinna på beina, klappa og klar med nyvaska hår og eit strok lindrande Vichy i etterpåsolskapens teikn. Berre vi kjem oss ut av bosoa er vi raske på badet, kvardagen og eg, det skal vi ha.
Bløming på borda.
Viskvinna hadde håpa han var ein av desse som ikkje var så kravstor, og det tyda bra lenge. Han fann seg greit til rette bakpå bagasjebrettet på sykkelen utan andre klagar enn frosne fingrar. Det hadde viskvinna ei viss forståing for. Ho vurderte faktisk sjølv å vera stilig og sleppe begge henda gjennom sentrum for å teste gamle kunster, men det blir fort folkesnakk om slikt, så av omsyn til støynivået på huslyden let ho det vera. Men attende til kvardagen. Vi hadde ikkje før sett føtene innafor dørstokken i bokheimen før han sette i gang. Han kunne by på bokkasse full av bøker, 11 reserveringar, 4 bokpakker, gamle aviser og forsyne meg hadde ikkje alle tidsskrifta kome med nye nummer i løpet av påska. For sikkerheits skuld kom det dobbelt opp av Bonytt. Viskvinna forklarte han at ho tok hintet, men at det ikkje vart meir av alt til den perfekte hagen og terassen av den grunn. Ho hadde dessutan bygd verdas minste drivhus i påska heilt på eige hand og synte han tommeltotten med plasterlapp.

Nokon har lært å gå sidan siste bibliotekbesøk.
Medan ho diskret fjerna Bonytt frå synsrand og sinn, banka 7. klasse på døra, utkvilte og opplagde med Død manns kiste som var veldig spennande, altså, og om vi hadde Paper towns av John Green og om Hyperpubertet snart kom inn att, og han som prøvde å fleipe med bibliotekboksarane på skranka, vart låga nedpå att av dei to som verkeleg hadde verdas beste boksarar som er så behagelege å ha på at ein nesten gløymer å skifte dei. Og før ein fekk sukk for seg, stod andre viskvinne i døra, påskenøttebrun og fin og så gjekk det slag i slag og på slaget tolv opna vi dørene for alle og denne veka tel vi deg også og i bloggande stund har vi 79 strekar på folketellingsskjemaet. Slik gjekk det seg raskt til med viskvinna og kvardagen. Intens og inspirerande med bløming på borda og kvite, stabbande småskor. Bibliotekaren tok seg sjølv i å gå rundt og smile medan ho rydda romanar. Kvardagen smilte sitt lunaste smil attende. Det er på slike dagar ein inviterer med andre viskvinne til å innleie is-sesongen på trappa. Den tredje må vente heilt til torsdag.


Is-sesongen er i gang. Foto: Ann Kathrin Flækøy Brekk
Årvakne blogglesarar spør etter påskeprosjektet. Til det er å seia at det fortsatt er i gang til stor språkleg glede. Tidsskjemaet sprakk, mest sannsynleg fordi lesaren trong meir sømn enn fyrst antatt, mest sannsynleg fordi ho likevel er veldig ung.

Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar