To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 15. april 2014

So sjeselong

Eg har eit prosjekt på gang. Eit påskeprosjekt. Det er ei sukkerpakke tungt, vog det på skålvekti i dag tidleg, det kjem frå Færøyane og har litt over 900 sider, altså omtrent som eit gjennomsnittsmenneske. Eller kva veit eg, men det var ein tøff tanke, synest du ikkje, og eg likar å stå fram som litt tøff nå i påskedagane. Vel, skal prosjektet mitt fullbyrdast, lyt eg gå systematisk til verks. Heldigvis er eg bibliotekar, så det byr sjølvsagt på små utfordringar. Kreistar meg. Eg har sett alarmen på 06.00 for heile påska, og reknar med å få i det minste eit par, tre timar med prosjektarbeid under pleddet med kaffi i den totale morgonstilla. Til orientering er noko av det fine med å bli eldre, er at ein nesten ikkje treng sømn. Til vidare orientering er noko av det dumme, at ein utviklar støyallergi og treng den totale stilla for å halde fast ein tanke og følgje ein tråd. Ein dett så lett ut, ein nettstad her, litt fuglekvitter der og ein finst att ute på viddene. Dei er voldsomt insisterande nå om vårmorgonane, fuglane, forresten, og eg har skaffa meg ei bok med vedlagt lydopptak for å prøve å finne ut kven av dei det er som syng. Det hender til og med eg må ta den høgttikkande tida under armen og bera ho ut på trappa. Ho går berre i ring lell, eller spring som ei mus i hjulet sitt, og det kan ho like gjerne gjera ute. Ute av øyre, ute av sinn. Av omsyn til familien, skal eg ikkje nemne sjølvaste storallergenet Fjernsynsapparatet. Det er å håpe at stilla senkar seg såpass at ein kan få stunder til litt prosjektarbeid utpå kvelden, eller at stille stunder openberrar seg midt på blankaste dagen også. I alle tilfelle syner avsnittet ein brøkdel av kva ein har å stri med når ein blir eldre.

Raud tråd
Attende til tråden. Kvifor i all verda gyve laus på noko slikt? "Det er mange grunnar. Ein av dei er rett og slett språket som er så rått, poetisk, stemningsmålande og gåtefullt at det står fram som noko eineståande. Her må også omsetjaren Lars Moa nemnast, som truleg har gjendikta meir enn omsett. Når forfattaren lagar nye ord, ja, så må også omsetjaren dikte nye ord på sitt eige språk." seier Marta Norheim i den gode omtala av boka. Det har seg slik at eg høyrde omsetjaren Lars Moa fortelja om det gigantiske arbeidet han har hatt med den færøyske kjempa. For arbeidet har han hausta lovord som «oversettelsesbragd», «et storarbeid», «ei kraftfull og mørkt syngende oversettelse». Meldaren i VG meinte han fortente heiderspris, og i 2011 fekk han også Sokneprest Alfred Andersson-Rysst pris for sitt arbeid med å omsetja færøysk samtidslitteratur til nynorsk. Moa innrømte at «U» har bydd på Utfordringar i eit heilt år utan pause. Carl Jóhan Jensen er ein språkmedviten forfattar, så språket er ikkje akkurat daglegdags. Det er ordrikt, og han går ikkje av vegen for å lage nye. Boka kom dessverre ikkje med på innkjøpsordninga for omsette bøker. Det betyr at mange bibliotek, vårt eige inkludert, ikkje har hatt ho i hyllene. Det har vi gjort noko med. Her ein smakebit frå denne morgonen i sjeselongen:



Sjeselonging
Med ynskje om litt sol i påskeskjegget. Så høyrer de frå den systematiske og snorrette over påske. So sjeselong!

Rita

3 kommentarer: