To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 8. april 2014

Jogging og kvilarsteinar og slikt

Ein sjeldan gong har eg freista meg på jogging. Ein sjeldan gong. Då kjem same kjensla -mest ved
kvart forsøk: Eg spring og spring, det fortaste dei velbrukte skoa orkar. Det er heilt sant, for eg kjenner det på pusten, på sveitten, og på jakka som krek opp og legg seg som ei dvask bluku rundt livet. Men same kor intensivt kroppen arbeider, kjem eg ikkje nærare den store grana oppi lia, eg passerer aldri den mosegrodde kvilarsteinen som kan fylle meg med nytt mot. Om eg glyttar ned på dei stutte føtene mine, ser eg at dei jobbar iherdig, men det går så smått, så smått... Kvar gong møter eg den usynlege veggen. Kvar gong!

Av og til kjem same kjensla snikjande i daglegtralten på arbeid. Bokstablane veks ein opp under øyro -det er forresten ikkje høgt, for einskilde tilsette...-, e-postane får ikkje svar, telefonen er taus i andre enden, dei nyleg leste bøkene held ikkje mål til bokprat, sjefen plystrar falskt, almanakken er overfylt og kaffien er beisk. Men då, ser du -då er det brått tid for å låse opp døra ut til verda, ut til lånarane som uansett driv oss framover, stiller krav, men gjev så uendeleg mykje attende! Då kan alle ugjorte arbeidsoppgåver berre stå der og stange i fred alt dei orkar -det er menneska som tel. Personane som takkar for at vi er til, som ikkje tenkjer i skjema og tidsfristar, som trur på det vi seier, som gjev den anbefalte boka ein sjanse lell, som smiler og helsar "Oss tålåst" på tur ut døra att. Borna som kjem trippande i fistel og stolt fortel at dei har lese HEILE den tjukke boka -og vil ha nr to! Læraren som ringjer og meddeler at bokpraten var ein suksess, som ønskjer ny bokkasse med tema pubertet, som ønskjer ny bokprat -snart, helst, men det hastar ikkje, altså!

Då kjenner eg at draumen om ein frilans formidlarjobb på eiga hand kanskje ikkje er verd det, lell. At all hugsotta med ei usikker løn og ein forfattarsyssel på si vil bli som gneist i turrhøyet på eit allereie boblande blodtrykk. At det er greitt å springe på veggen av og til -det er alltids ei opning, ei opning for påfyll :-) Og så kan ein leve litt på at den nye gateadressa vår er Bergomsvegen 29 -det kunne vore så mykje verre ;-) Ha ein sprek dag vidare!

Bloggar i framgang: Merete

2 kommentarer:

  1. Eit vakkert innlegg til ettertanke i kvardagen. Eg skal ha en sprek dag i vårværet, og kanskje lese litt i kveld.

    SvarSlett
  2. Ååå, den kommentaren gjorde godt no, kjære deg! Det er jo nett slike som deg som reddar dagar då alt går i motbakkar! Tusen takk -nyt våren, og boka!

    SvarSlett