To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 1. april 2014

Råte - rønje - sjele?

Det finst dagar da alt går leikande lett. Dagar da du sprett opp av senga medan sola framleis er i slåbroka. Dagar der nye vitskapar dukkar opp på sengekanten i ditt sinn, og du humrar på veg til arbeid over nyfunnen terminologi. Det er slike dagar du treffer Lejla på brua i det den herlege dufta av kanel snurrar inn naseborene og vidare innover til Lystpåkanelsnurr-senteret i hjerna. Dagar der de slår dykk ned ved eit bord på Lystsenterkafeteriaen og småpratar om laust og fast, men mest om barna og våren og om at den heile skapning stundar no fram til sumarstid. Det finst dagar da det spirar morgonkvistar på trea, takk Torvund, og små bokfinkpodar klemmer kring kvistane med kvitnande klør og syng våren inn av hjärtans fröjd.

Annonsen er laga av Fjuken.
Men dette var ei avsporing som de gjerne kan hoppe over. Nå kjem vi til saka. Og saka er den at i morgon arrangerer vi Råte - rønje - sjele? - dialektkveld på biblioteket. Dialektane er i endring. Gamle ord og dialektuttrykk blir borte. Vi pratar meir og meir likt over heile landet. Å koma til Setesdalen eller for den del til Lom, er ikkje like dialeksotisk som det ein gong var. Ungdommen slurvar med dativen, og ei av viskvinnene vart seinast i går tatt på fersken for feilaktig ending, sikkert grunna ungdommeleg sinn, og endetida er nær. Eller er ho det? På den andre sida dukkar musikarar som Stein Torleif Bjella, Odd Nordstoga, Tønes og fleire til upp, og syng og skriv tekster på dialekt. Eg blir sjele glad eller sjeleglad, når eg ser ord som augun, upp og viku. Innlandshjartet svulmar når eg finn desse dialektorda i skrift. Personleg likar eg også å finne dei kombinert med ord som einvegslove. Den nye tida hand i hand med den gamle. På solsi'un finn vi og ei stor interesse for dialektar og det særeigne ved dei, noko som synte seg på sjåartal og engasjement knytt til TV-programmet Dialektriket. Så kanskje er ikkje endetida så nær likevel bortsett frå som bikinisesong.

Kor som er, håpar vi lomverar, skjåkverar og vagverar finn vegen til biblioteket i morgon og høyer på dei tre lokale ekspertane. Vi trur det blir både sjele løje, rønje løyle og råte løijle!

Rita




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar