To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 25. mars 2014

Hundetankar

 
Eg er ikkje berre velsigna med den likaste jobben i mils omkrins -eg er også den lykkelege eigar av ei nydeleg, mannevond bikkje som følgjer meg tettare enn min eigen skugge. Då vi søndag kveld fekk oppleve den vidunderlege lesehunden Molly på Grimstad bibliotek via fjernsynsskjermen, vassflaug naturleg nok augo på mang ein lidenskapleg litteraturformidlar -og hundeeigar. Vi var vitne til eit heilt lite under då vi såg korleis borna slappa av og opna seg i selskap med den lydhøyre kvitkrullen. "Det bankar ikkje lenger så vondt her inne," sa ei lita jente, og la handa på bringa, medan Molly kroa seg empatisk til rette i fanget på den unge lesaren. Min eigen lodott snudde hovudet småfornærma bort frå både skjermen og matmor sitt vassflogne blikk -"slike veloppdregne bikkjer som finn seg i alt..., " formeleg strutta det av nakkehåra hennar. Bibliotekaren sjølv var frelst.

Besøkshund -eit kjent fenomen
Etter vel 10 år som litteraturformidlar, og tidlegare nokre år som lærar, kjenner eg så inderleg godt att frykta og angsten desse små sørlendingane set så fine ord på. Den stingande frykta for å bli ropt opp til høgtlesing i klassen, den kvelande angsten for å lese feil for jamaldringane, panikken for i det heile å måtte ta ordet i større grupper. Dette vonde som stengjer for utvikling og utfalding som skal gjere oss trygge, sjølvstendige individ som tør å hevde seg blant andre. Blikket til Molly, vesenet hennar og den rolege atmosfæra rundt lesestundene i Grimstad må seiast å vere ein milepæl for desse små som slit i så måte. Besøkshundar har vi kjent til i årevis, men dette!

Barnebibliotekaren fekk denne kvelden sådd nokre små nybrottstankar for eigen suksess, slike tankar som sakte, men sikkert blir kvelt etter nok ei svevnlaus natt. Sjefen ville nok ikkje umiddelbart tenne på idèen, nei... Sjef Rita er ikkje nett så frelst på firfotingar, og underteikna vaktar seg etter kvart vel for å bruke emne som røyting, markekurar og dressurproblem som tema under kaffikosen.  Friskt i minnet ligg også den hånlege latteren til sjefen frå ein busstur til ei prosjektreise, der barnebibliotekaren fortvila utbraut under ein rask face-sjekk: "Å nei, nå æ onkel`n henna Amira dau!" Då sjefen henført i eigne twittertankar fekk sjå portrettet av den flotte, avlidne hannhunden, freste sjefsskratten utover mobilskjermane: "HAHAHAHA -e trudde nå d va ein kar som ha råkje, e!" Ikkje artig, sjef!


Sjølv har dessverre Amira eit lite problem med folk, som gjer henne mindre eigna til oppgåver som inneber tett kontakt med tofotingar med hjartebank. Ho protesterte såleis hardnakka då litteraturformidlaren freista eit aldri så lite lesehundlynkurs på henne. Brillene sat skakt, boka var kjedeleg, og matfar si kokking på kjøkenet lokka meir enn hundrede, knusktørre bikkjekjeks... Ballen blir med dette såleis kasta over til bygdefolket: Dersom nokon har ein påliteleg hund som vil kursast som lesehund, ta kontakt!

Så, så -du skal sleppe meire kurs du, vennen...


Pelsfrelst bloggar: Merete

2 kommentarer:

  1. Så artig, Merete, tenk om det det finns en fin hund i Lom som vil bli med på dette! Synd at Amira ikke er den rette da.

    SvarSlett
  2. Ja, tenk om! Kanskje Bolivar er ledig for oppdrag..? :-)

    SvarSlett