I dei dagar 3% av våre toppkvinner fylte store delar av våre framsider, feed og mentale kapasitet, og debatten om rausheit og rosa sukkerspinn rasa på nett og i stugu, sat tre vise kvinner på fjellhylla si i Jotunheimen, saug på ein sjokoladebit og ein meisebolle, kvar kvinne, sin diett, og grunda på kva dette var for noko. Dei vise kvinnene er så langt unna maktkorridorane i hovudstaden som ein kan koma, men dette er tema som har vore gjenstand for drøftingar inne på bakrommet i bokheimen lenge før Raushetens tid. Vise kvinner trur ikkje alltid det verste om folk, det skal dei ha. Dei trur at dei profilerte kvinnene vil vel. Dei trur at dei verkeleg er rause og positive i sinn og ynskjer å dyrke dette. Det tykkjer viskvinnene er bra. Vise kvinner trur heller ikkje at flokken deira er ein gjeng smiskarar som hyller toppkvinnene eine og aleine for å oppnå eigne fordelar. Dei trur at heiagjengen har gode intensjonar, at det meste av rosen er ekte, at dei som oppmuntrar gjerne vil byggje opp under og vera ein del av den positive trenden der rausheit, "framsnakking" og det å lyfte kvarandre står sentralt. Vise kvinner trur heller ikkje at alle kritikarane er misunnelege. Dei trur faktisk at dei fleste i kritikarkorpset unner kvinnelege toppleiarar og kvinner generelt, suksess, at dei ynskjer at empati og det noko slitte rausheit, skal få større vekt både i næringslivet og i samfunnet elles. Når det er sagt, ser vi ikkje bort frå at vise kvinner er noko naive og kanskje ikkje så vise som dei til tider gjev seg ut for å vera.
Den rosa fare
Men altså, kvifor desse reaksjonane mot ros og heie-kulturen? Vise kvinner har grunda og trur at uttrykket den nye leiarstilen tek i bruk og oppmuntrar til, vi kallar det facebook-style her på fjellhylla, er noko av grunnen. Sosiale medium bugnar av smileys, likes, hjarter, teddybjørnar, selfies, fantastics, feiltastics. Er det så ille? Kan det bli for mykje av det gode? Vi er ikkje sikre, men for vår del vart vi nok feed-up på facebook-style for nokre år sidan. Floraen av fiiina, peeena, fliiinka, selfiiies, hjartehjarthjarte, leidde tankane våre til The United States of Wonderfulness der dei er rausare med ros og store ord, der fabolous, fantastic, beautiful og love, love, love dukkar opp i annakvar setning. Kontrasten er stor til vår karrige "Ikkje så verst-region". Vi klør oss i skjegget og tenkjer at det truleg ikkje er noko betre, snarare tvert om, men lurar på om rosande ord og hjarter i store dosar kan føre til at orda og uttrykka misser verdi. Vi skal til og med innrømme at som dei leie fyrkjene vi er, allereie for fleire år sidan begynte å bruke uttrykket "Flink og Peen" ironisk når vi rosa kvarandre. Dette, barn, er ikkje eksemplarisk oppførsel, og i skrivande stund skal eg ta eit personleg oppgjer med sjefen med liten s og ironien på bakrommet.
Anonyme kvardagsheltar
For eigentleg er eg altfor dårleg til å rose. Eg tenkjer ofte over det når eg kjem heim etter endt arbeidsdag at, Guri Malla, kor heldig eg er med kollegaer, for ein innsats dei gjer for folket og biblioteket, for ein fin måte dei tek imot gjestane på, for nokre dyktige damer dei er, kor lette dei er å samarbeide med! Og så har eg ikkje sagt det til dei.
|
Desse må døkk bærre lesa, altså! |
I fjor gjennomførte vi 28 bokpresentasjonar for elevane i grunnskulen i Lom. Lom kommune har ein leseplan som biblioteket har utarbeidd i samarbeid med skulane. Planen er relativt ambisiøs med tanke på våre 2,1 årsverk. Alle klasser på barnesteget får tilbod om to bokpresentasjonar i skuleåret, klassene på ungdomsskulen får tilbod om ein, og vi gjennomfører eit eige, intensivt lesestimuleringsopplegg for 3. klassingane. På kvar bokprat presenterer vi i snitt 6 bøker. Det er naturleg nok barne- og ungdomsbibliotekaren som har dei aller fleste av desse, og enkel kalkulering syner at ho presenterer omlag 168 bøker for barn i året. I tillegg les ho bøker til bokpresentasjonane for vaksne som vi har kvar haust. Og ho juksar ikkje. Ho les alltid heile boka ho skal prate om, og i jakta på å finne den beste, blir det ein god del "feil-lesingar". Ho les godt som aldri bøker i arbeidstida, berre omtaler og utdrag, så alle desse bøkene blir lese på kveldstid eller i helgene ved sida av smeden framfor peisen på hytta. Det høyrest kanskje idyllisk ut, men dette er fritid ho kunne brukt til andre sysslar som å skrive eigne bøker som eg veit ho går rundt og drøymer om. Ho unner seg også sjeldan å lesa bøker ho vel av eiga lyst. Dette er slett ikkje noko ein kan forvente eller forlange av kollegaene sine. Ho er ein lesemisjonær drive av ein sterk kallstanke om at alle burde få oppleva gleda ved å lesa ei bok dei likar og bli hekta på lesing. Det er rein og skjær iver for arbeidet med små utsikter til store, bulande lønningsposar eller frynsete goder. Den tredje viskvinna syner også stor iver for arbeidet, les bøker utanom allfarveg for å koma opp med gode alternativ til bestseljarane, gjennomfører sjefen sine pålegg om fast lesetid til punkt og prikke, ryddar bokstablar sjefen har lagt att på magasinet, er fleksibel og byter vakter når sjefar legg ut langtur og hamnar ofte i skuggen av dei to som profilerer seg mest på bloggen og i sosiale medium.
|
Nokon held hjula i gang |
Det er sant, viskvinner. Sjefen tenkjer ofte på dykk i takksemd sjølv om ho ikkje alltid er like flink til å vise og formidle det i kvardagen. Tankane mine går også til andre bibliotekarar som kvar dag gjer det beste ut av knøttsmå ressursar for å tenne leselyst og leseglede hjå barn og vaksne, som kvar dag møter folk på ein positiv måte, som Amal Aden og andre har uttalt, bibliotekarar som har "redda dei" i oppveksten eller i vanskelege perioder i livet. Det same kan heilt sikkert seiast om folk i andre omsorgsyrke. Det er fullt opp av anonyme kvardagsheltar rundt omkring som aldri figurerer på framsidene, aldri blir lyfta opp og vist fram for den store og ekstraordinære innsatsen dei gjer for einskildindivid og for samfunnet i sin heilskap. Dette er ikkje til forkleining for profilerte og dyktige kvinner og menn i leiarverv eller nokon andre, men dette får bli mi vesle hylling og tommel opp til viskvinner i eigen bokheim og andre anonyme heltar.
Rita
Eg skreiv ut denne og la den på pauserommet på jobb med godord til mine kollegaar;) takk for inspirasjon!
SvarSlettSå bra, Synne! Det set eg pris på!
SvarSlettR