Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 6. mai 2014

Skuggedronninga

Mange ballar i lufta...
Lom folkebibliotek kan ikkje skryte på seg det mest mannsterke kollegiet innan bibliotekverda, men få
personar kan også stinge seg fram, vera synlege og oppnå horvelege resultat. Lokala våre har gild takhøgd, noko som har gjort det mogleg å kaste ballar høgt opp i lufta -oftast mange på ein gong. Resultatet har då jamnleg vorte mykje springing, ein del heftige ordskifte, minimum ei sveitt bibliotekvinne -samt nokre få, saftige blinkskot i høgtsvevande mål. Og det meste blir trufast delt med Folket; gilde oppturar, smertefulle nedturar, saftige intriger, tørr kaffebite, tronge truser, spennande bakromsgjestar, suksessfulle bokpratar, nedisa bilar og pirrande perler av ymse slag... Midt oppe i all denne ekstreme aktiviteten står ei sterk kvinne fjellstøtt og held ryggen rak og maska blid -uansett kor det stormar på bakrommet.


Fjellstø.
Der to vise stikk seg meir eller mindre høglydt  fram i tide og utide, går Torill stilt i dørene. Ho spreier ikkje om seg med poetiske sitat, livsviktige lenkjer eller egosentriske mobilfoto på sosiale media. Alle bøker blir gjeve ein sjanse -berre dei ikkje inneheld vonde scener med dyr i sentrum- og alle nye forfattarar er i utgangspunktet interessante. Ingen av dei tre vise har lese fleire bøker frå den store verda, bøker ho trufast pratar ut av hyllene gong på gong -og som vi andre er trygge på å anbefale når vi sjølve støtt og stendig baskar oss ut på utrygg grunn. Torill er kvalitet, det er vi alltid trygge på.


Når dei to gneldrebikkjene held idemyldring rundt kaffitraktaren, sit Torill og analyserer med djupt observatørblikk og byr rundhanda på søtt og sunt når nivået er i ferd med å ta heilt av. På dette viset held ho oss umerkeleg i taumane -irriterande nok for oss, men uhyre viktig for alle andre... Alle dei lange reisene til konferansar, møte, foredrag og andre viktige krumsprell hadde også vore ugjennomførbare utan hennar rundhanda handtering av vaktlister. Trass i eit par andre arbeidsplassar i avtaleboka, er det aldri nei i hennar munn før ho har sjekka om det er mogleg å ta ein ekstra tørn. Støtt blir jobben gjort med eit samvet større og meir solid enn hos nokon av oss andre. Med andre ord ein uvurderleg støttespelar for to overivrige barndomsvenninner som har eit sviande ønskje om å overgå både andre og kvarandre i litterære motbakkar og utforkøyringar.

Sidan sist har Guttorm Bokorm sett rekord ved å bite seg i halen etter endt leseprosjekt for 3.kl, og
ungdomsskulegjengen har så smått begynt å gle seg på å sjå att jentene på Norway Cup. Stas! I morgon har to av oss frilyndt invitert med seg eit par staute menn til trønderbyen for å hauste nye erfaringar til bibliotekdrifta. Torill, stakkar, lyt vera heime... Barten er snurra, og vesten er smurt med salolje -adjøss!

Bloggar: Merete












Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar