Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 11. mars 2014

Foreldrepraten


Annakvart år deltek vi på foreldremøte i barnehagen, medan vi er med på minimum eitt foreldremøte på eit utvald klassesteg i barneskulen ein gong i året. Etter desse møta ser vi ofte ei gledeleg oppbloming av besøk til biblioteket frå ymse heimar. I kveld skal vi prate bøker og lesing til foreldra i 3.klasse. For mange vil det vi seier vera ei sjølvfølgje, medan andre kan bli vekt litt i høve deira eiga haldning til bøker og lesing. I tillegg til ei utfyllande liste over gode bøker eigna for trinnet, vil følgjande i grove trekk bli praten vår i kveld:

Kvifor les vi?Vi lever i eit mediesamfunn der informasjon og kommunikasjon er svært viktig. Data –facebook, chat, mobil –SMS, TV, aviser, tidsskrift; barn møter tekst over alt og må forhalde seg til dette på mange ulike område i svært ung alder.

Større krav til utdanning;  skulen er teoribasert, praktisk-estetiske fag har mindre plass enn tidlegare. Å lese og forstå tekst er difor enno viktigare no enn for 50 år sidan. Alle yrke krev ei fagleg, teoretisk utdanning, same kor praktisk retta yrket er. Jo meir du les, di betre lesar blir du. Di betre lesar du er, di lettare blir det å tileigne seg andre fag i skulen.
Bortsett frå dette er litteratur ikkje minst, og framfor alt, også kjelde til avkopling, spenning, romantikk, humor og tidtrøyte. Heile kjenslespekteret får bryna seg, og ein får utvida horisonten ved å lese kun for gleda si skuld.
Foreldre som rollemodellar:
Ha bøker tilgjengeleg!
Les bøker sjølve! La barna få oppleve at bøkene kan vera både underhaldning, kommunikasjon og informasjonskjelde, og at dette kan vera både morosamt, nyttig og viktig. Ved å la bøker vera ein naturleg del av interessene i ein heim, stimulerer vi borna til å bli glad i bøker. Det er også viktig at mennene viser sine gutar at dei har glede av å lesa bøker -dei identifiserer seg naturleg meir med menn enn kvinner. Ha eit positivt tilhøve til litteratur, ha bøker synleg og tilgjengeleg i heimen frå borna er små, og bruk litt tid kvar dag på ei lesestund med borna. Dette er ein fin måte å samhandle med borna på, og vi får gode stunder saman med dei. Kven tykkjer vel ikkje at det er stas å bli lese for? Ta med borna til biblioteket og gå på oppdagingsferd i hyllene saman –det er artig og spennande, og ein sunn vane å ha med seg vidare for både store og små!

Apropos høgtlesing:
Les saman med ungane –ikkje berre for dei! Høgtlesinga bør skje som ein dialog mellom barn og vaksne, også for dei større barna.  Forsking har vist det er viktig å lesa påkopla, ikkje berre avkopla, jfr denne danske studien til Carsten Elbro. Les også det du sjølv er trygg på i første omgang!

Les påkopla!
Val av litteratur:Viktig med tilgang på ALT av litteratur: teikneseriar, rim/regler, fagbøker, tidsskrift, noveller, fantasy og ordinære romanar, samt lydbøker. Særskilt gutar har ofte ei stor interesse for fagbøker, og då bør dei i stor grad få velje denne typen litteratur framfor romansjangeren. Dersom vi «treffer rett» med ei bok for ein elev, kan vi ha vekt lesegleda ein gong for alle. Om vi derimot prakkar på eleven ei bok han/ho syner motvilje for eller slett ikkje likar, kan vi ha kvelt lesegleda før ho i det heile har vakna…

Kva er ei god barnebok?Mi erfaring viser at det er ikkje alltid bøkene med dei beste terningkasta vurdert av litteraturvitarar som fell best i smak hos barna –noko som også gjeld for vaksne. Vi kan sjå på bøker som gode eller dårlege reint kvalitetsmessig, men i det store og heile er det vikgast AT barn les –ikkje KVA dei les! Nokre bøker eignar seg derimot absolutt best som høgtlesingsbøker, då dei omhandlar tema som kan vera vanskelege å forstå eller hanskast med på eiga hand (t.d. døden, samlivsbrot, mishandling). Det må også poengterast at det er lov å "gje opp" ei bok som ikkje fengjer -det finst alltid ei anna bok som vil passe for nett den lesaren!

Ikkje vel for vanskeleg bok når barnet skal lesa sjølv! Eleven må oppleve meistringskjensle, men også bli utfordra i høve si utviklingsfase. Og sist, men ikkje minst; bibliotekaren har ikkje godt av å sitje for mykje på rumpa! Spør om hjelp i biblioteket!

Utfordre bibliotekaren!
 
Bloggar: Merete på krakken
 
 

3 kommentarer:

  1. Takk for gode tips! Mange viktige punkt nemnt.

    SvarSlett
  2. Takk for det, Synne! Det er for det meste velkjende punkt vi tek føre oss her, men veldig viktig å fremje interessea for leselyst og leseglede på foreldremøte! Ingen av oss har heller godt av å sitje stille for mykje ;-)

    SvarSlett
  3. Det fungerer. Fleire foreldre og barn har kome til biblioteket etterpå.
    Rita

    SvarSlett