To dream the impossible dream
To fight the unbeatable foe
To bear with unbearable sorrow
And to run where
the brave dare not go
To fight the unbeatable foe
To bear with unbearable sorrow
And to run where
the brave dare not go
Joe Darion
I have a dream, Martin Luther King, Det er den draumen, Olav H. Hauge, You may say I'm a dreamer, John Lennon, Og hvad elsker du mest? Drømmen, Knut Hamsun. Du finn dei overalt i litteraturen, i songane, i alle menneske til alle tider, vår kanskje sterkaste drivkraft og overlevingsmekanisme, draumane.
Gjennom prosjektet Drømmer for Norge inviterer NRK i jubileumsåret 2014 heile folket til å dele draumar og framtidstankar. Desse skal lagrast i ein tidskapsel dei neste tusen åra. Ideen bak prosjektet er å finne ut kva folk er opptekne av og drøymer om for framtida 200 år etter at grunnlova vår vart skrive. NRK samarbeider med biblioteka om innsamlinga av draumane. Biblioteka som deltek skal oppfordre folket til å dele framtidsdraumar, og Nasjonalbiblioteket skal lagre dei i store hallar i fjellet i Mo i Rana.
Dikt og draum |
Drøymer du om å bli den nye Messi, eller kanskje den nye Munroe? Drøymer du om å bli frisk? Ei trygg framtid for barna dine? Er alt du drøymer om ein solskinsdag? Drøymer du som fiolane under vinterdyna, om å vakne til vår og breste i blom?
Skriv om drömmar, Hjärter Dam!
Rita
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar