Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 25. februar 2014

Erotisk aften

Dagar som denne, eit brennande ønskje om å springe ut i seinvinters fønvind, la vårbrisen slipe smileskrukkane og kvervle sverkilen til nye høgder, juble i barnleg fryd mot himmelen med utstrekte armar og sprikande fingrar. Vinteren held på å sleppe taket, og biblioteket har våryre planar på almanakken.

Sjefen kunne i går rispe ein sirleg sirkel meir enn sin ungdommelege kollega inn i den furete stokken
av årringar. Høgtideleg overrekte  barnebibliotekaren raude coop-roser, nærande bær og havsalte nøtter i eit skrukkete papir ein dag for seint -vel vitande om at ein sjef som hennar eigentleg fortener gilde interøirvenninnegåver frå Åhlens, kunstnarleg innpakka og påknytt heimelaga scrapbookkort  med rørande, poetiske sitat. Mumlinga om at "du skull da kje..." vart høfleg vifta bort, og dermed var feiringa over. Ho er så lettvint slik.

Alderen til trass -vi ligg ikkje på latsida: Varsame utstillingar av stimulerande litteratur i ein bortgøymd krok på det lokale biblioteket har ikkje nett ført til ein positiv folketalsauke i den grisgrendte fjellbygda den siste tida. Når bleike stråler atter kjæler over hengjekjakane, står det såleis klart for dei litterære misjonærane kva grep som no må takast. Tett attmed kaffitraktaren har vi gjennom stolne etterjulsstunder lese oss opp på erotisk litteratur av ymse slag, vekslande av blussande raudne, knislande fnis og undrande fryd. Saman med Stemma frå Vågå, jamnleg å høyre i Ord om fjell, vil vi i nær framtid freiste norddølane med "Erotisk aften". Eggjande rytmer og  fengjande tonefølgje skal saman med erotiske tekster pirre det trauste fjellfolket til målbar sengehygge og barnedåpsauke. Vakker erotikk i ei vårkledd fjellbygd -det MÅ fungere! Om ikkje anna, blir det ein kveld av dei sjeldne...



Så har i alle fall bibliotekarane indirekte gjort sitt for at Gelius får litt å tufse med om han takkar ja til prestestillinga i Lom. Vi tek krossen som openberra seg på himmelen over gammelprestgarden ved høgst dags leite i dag som eit godt teikn -både for folketalsauke og nytilsett prest :-)

Openberring gjennom glaset i gammelprestgarden -på ein dag som denne!
  


Stolen stund på  bakrommet...

Våryr bloggar : Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar