Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 18. februar 2014

Lærarar, leseglede og lyrikk

Vi har prata om det lenge. At vi skulle ha skrive om lærarane våre. Særleg dei vi hadde på barneskulen, ja, særleg den aller fyrste, Lærarinna med stor L, Lisbet, på den vesle skulen for lenge sidan. Den vesle skulen som verka alt anna enn liten den gongen. Vi skulle ha skrive om morgonane i gangen der vi stod oppstilt klassevis, to og to, og song salmevers vi hadde pugga, ja, for vi pugga den gongen, born. Vi skulle ha skrive om den lune læraren som stod i trappa og såg utover ungeflokken og las vers frå Bibelen. Dette var lenge før mulitkulti og KRL, og alle hadde blå boblejakker og raude bevernylonbukser, stod trygt planta i Den norske Statskyrkja, nesten alle var godt døypte og hadde gifte foreldre, og det mest eksotiske vi opplevde var da Irene i klassa hadde med syskenbarnet sitt frå Oslo. Tenk, Oslo! Jau, vi hadde forresten brevvenner frå Danmark! Tina Nielsen med ie i Nielsen. That's something, hah?

Simen, Merete, Rita. Og alle hadde huver og hang til lyrikk.
For dei som har inngåande kjennskap til tre vise kvinner ved to av dei, veit at dei gjekk i same klasse på den vesle skulen. Det har til og med florert bilete av to sjuåringar i råndastakk her ute på verdsveven. Den eine lita og nett, du og du, kor knøttlita ho var, med fine hender, føter små, flink til å teikne, skrive, synge, trygg og glad og blid som slike jinter skulle vara. Den andre, ein hals og eit hovud høgare, tynn og lettfløygd, redd for alt frå Marve Fleksnes og vekløftar Leif Jensen til atomkrig og alt som kunne finnast av farlegheiter der i mellom. Alt dette gøymd bak ein travaleg kvervil i panna hennar.

Glansdagar
Men det var deg vi skulle skrive om, Lisbet. Om kveldstimar med kvitnande blyantgrep over penskriftbøker for å få bokstavane like fine som dine. Om Fager kveldssol smiler sjølv om du gløymer at ein og ein er to. Om raude gummiringar med mengder i, større enn og mindre enn. Om reknebøker og ekstraekstraivrigemaurar. Om dei store raude R-ane dine, den finaste bokstaven, R for Rett og R for Rita, må vita. Om Eli og Ali som sa is. Om flanellografar og barmhjertige samaritanar. Vi skulle skrive om skiver med salami og høgtlesing. Om karse på kvit bomull. Vi skulle skrive om sjuåringar som var så glad i deg og skulen at dei tvinga seg avstad sjølv om dei hadde spysjuka. Vi skulle skrive om bestemorkakaoen i den kvite snøen på skuleplassen. Vi skulle skrive om minnebøker.

Den som skriv i boka mi
Vi skulle skrive om alt dette, men mest av alt skulle vi skrive om at du gjorde oss glad i bøker og glad i lyrikk. Du hadde jo gjeve ut bøker sjølv, hadde debutert som lyrikar på Fonna forlag som 22 åring og fått lysande bokmelding av den unge litteraturstudenten Per Egil Hegge. Vi visste lite om dette den gongen, men du brukte bøker og vers i undervisninga. Du las for oss og tok oss med inn på skulebiblioteket til Erling der ei heil verd venta oss bak mosegrøne omslag. Vi skulle ha skrive om at det kanskje var det vi opplevde der som låg og vaka i undermedvitet da vi hamna på denne hylla. Vi skulle skrive om lukta, lukta der inne på skulebiblioteket, eit minne vi vil ha med oss all vår levetid, eit minne rissa som eit hjarte i hjerneborken.

Bibliotekbesøk

Og så var det mannen din, Kristian, som vi fekk i storskulen. Kristian som fortsatt omtalar oss som Klassa vår. Kristian som var leiar i teatergruppa UL Fram og ivra for teater, ski og blomar. Vi hugsar FN-dagar og svoltne flyktningar som skulle eta tenkt mat frå tome nevar samstundes som dei skulle halde boblande tolvåringslatter i sjakk. Vi hugsar Sommar for Eli, boka av Sigbjørn Heie som klassa vår laga høyrespel av for radioen. Somme av oss hugsar den eine replikken vi hadde enda. Vi hugsar stensilar om miljøgifter i vaskepulver og personlege pronomen. Vi hugsar dikt og stilar om stilleståande sommarferiar, skirenn på treski og besøk i drivhuset for å sjå på det særeigne raudskinet i sjølvdyrka tomatar.


Nå er det vi som anbefaler bøkene.
Vi har prata om det lenge at vi skulle skrive om dette. Men det er ikkje lett å skrive om noko som betyr mykje for ein, og difor har vi vegra oss. Difor kom den vesle, blide i går og sa: Nei, dette får du skrive om. Det var din ide. Difor har eg knota meg gjennom dette i dag, brukt altfor lang tid på å skrive om alt vi skulle ha skrive om. Det vart som det vart, men de skal vita at vi set stor pris på dykk og skulegangen vi hadde, på bøkene de synte oss, på vers og viser, på andre lærarar som har betydd mykje og vore med og forma oss. Det hender vi finn fram minnebøkene og sender dykk takksame tankar. Berre så de veit det.

Rita


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar