Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 11. februar 2014

Utlån 2013

I går fekk vi ein svært hyggeleg telefon frå GD og journalist Brostrup Müller. GD vil lage ei fast spalte om bibliotek, kva folk låner og kva som skjer rundt omkring. Journalisten ville ha details frå utlånet sist veke, og sette bibliotekaren i sving med statistikkmodulen. Statistikk er morosamt. Du kan leggje inn eigne tolkingar og hypoteser om kvifor det vart som det vart, og det gjorde vi sjølvsagt. Kort analyse fylgjer:


Blant barnebøkene toppar ei Pingledagbok tett fulgt av bibliotekets mest populære forfattar, Jørn Jensen som skriv lettlest-seriar om tema som handball, fotball og den skumle Kaldt blod. Iben Sandemose har lurt seg inn etter at ho var her på forfattarbesøk. Bibliotekarane gledde seg ekstra over at ei av bøkene vi aktivt har formidla kom med på lista. Død manns kiste av Johan Mjønes er ei ungdomsbok, i seg sjølv hyggeleg, det er som regel barnebøkene som toppar utlånslistene, som Merete har presentert for ungdomsskuleelevane med stort hell. Elles kan ein spore ei gryande interesse for klingande mynt blant yngre lomverar. Boka Penger! av Bjørn Ousland kom med på lista. På lista over mest utlånt i 2014, fann vi heile fire bøker som vi har formidla til skuleelevane: Den nemnte Død manns kiste, Heksa av Atle Hansen, Det som er sant av Magnhild Bruheim og The hunger Games av Suzanne Collins.

Når det gjeld utlån til vaksne, er lomverar som lånarar flest. Dei er glade i krim, og ikkje overraskande toppar Nesbø lista tett fulgt av dei lokale krimheltinnene Kroken & Kolden. Bøker i Samartin-sjangeren er også representert blant dei mest populære, og Victoria Hislop er inne på tredjeplass med Tråden. Men så startar det som vi er mest glade for. Bøker vi har prata ut av hyllene har kome med på lista over mest utlånte. Dette gjeld fyrst og fremst 1964 av Ragnar Hovland, Fuglehotellet av Tiger Garté, En elv en gang av Bonnie Jo Campbell, Ned til elva av Leif Enger, Jeg nekter av Per Petterson og for dei som likar bygderomanar, familiesagaen av Lillan Skow.  Vi ser at det er mange av bøkene frå 2012 som toppar lista for 2013. Bøker som kjem på slutten av året, får jo gjerne høgare utlånstal året derpå. Anyway. Vi er så veldig tilfredse med at mange av dei bøkene vi har formidla aktivt er inne på lista. Formidling funkar! Yes, yes, yes!


Utlån barn 2013 
Forfattar
Tittel
Utlån/fornyingar
Kinney, Jeff
En pingles dagbok : Greg Heffleys dagbok
15
Jensen, Jørn
Stopp bombemannen!
14
Sandemose, Iben
Fiat og farmor: hemmeligheten
13
Mjønes, Johan
Død manns kiste
12
Jensen, Jørn
Den store zombien
12
Jensen, Jørn
De forsvunne barna
11
Jensen, Jørn
Fanget i flammene
11
Jensen, Jørn
I siste sekund
11
Barks, Carl
Carl Barks: bilene i Andeby
11
Ousland, Bjørn
Penger!
11
Aamodt, Ingunn
Dukken
11
 
Guinness world records
11
 

 
Utlån vaksne 2013 
Forfattar
Tittel
Utlån/fornyingar
Nesbø, Jo
Politi (krim)
31
Kroken & Kolden
Døden kjem med bussen (lokal krim)
28
Hislop, Victoria
Tråden
21
Jordan, Hillary
Mississippi
20
Horst, Jørn Lier
Jakthundene (krim)
20
Kepler, Lars
Sandmannen (krim)
19
Petterson, Per
Jeg nekter
17
Saniee, Parinoush
Det som ventet meg
17
Hovland, Ragnar
1964
16
Läckberg, Camilla
Englemakersken (krim)
15
Skow, Lillian Wira
Skyld – en familiesaga Ofoten – Drammen - Christiania
15
Garté, Tiger
Fuglehotellet
15
Skow, Lillian Wira
Størst av alt – en familiesaga
14
Campbell, Bonnie Jo
En elv en gang
13
Enger, Leif
Ned til elva
13
Jonasson, Jonas
Hundreåringen som klatret…
12
 

 
 
 Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar