Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 28. januar 2014

Vev meg eit teppe, Bodil

På tur til å hive meg i bilen og stryke til Gjøvik. Vil berre du skal vita at denne boka gjorde jula så raud og varm og god som jul skal vera for meg. Denne forvitnelege brevvekslingi mellom forfattar og fruktdyrkar Olav H. Hauge og vevar Bodil Cappelen, er ei av dei aller største og kjæraste leseopplevingane eg har hatt. Fyrst, å halde ho i hand, sjå på og strjuke over det vakre Hardangerfjordfarga omslaget laga av Øystein Vidnes. Så slå opp på fyrste brev og sjå at dei starta brevvekslingi 23.02.1970, den dagen eg vart fødd. Så brevi, fulle av respekt og verdigheit, saktegåande, seintveksande kjærleik, hans på Haugemål, blomestrødd med u-ar, y-ar og i-endingar så vakre at ein mest kan kjenne angen av, eg trur det må vera nyperosorne i hagen hans i juni. Og så, nær fem år etter at historia starta, kunne han ikkje dølgja det lenger og skreiv denne kjærleikserklæringi, ei av dei vakraste menneskeslekta nokon gong har festa til ord.




Teppet

Vev meg eit teppe, Bodil,
vev det av syner og draumar,
vev det av vind -
Slik at eg, som beduinen, kan
breida det ut når eg bed,
sveipa det um meg
når eg søv,
og kvar morgon ropa:
Bord duka er!
Vev det til
ei kappe
i kulden,
til eit segl
på min båt!
- Ein dag skal eg setja meg på teppet
og sigla burt på det
til ei onnor verd.

Olav H. Hauge

Rita


3 kommentarer:

  1. Så nydelig, Rita! Og tusen takk for kommentaren din, så fint skrevet! Og så spesielt med den datoen da!

    SvarSlett
  2. Kva kan ei bergteken jærjente seia? Anna enn TAKK for at du gav meg tipset. Eg hadde same sterke opplevinga, veit du. Det er ei av dei vakraste bøker eg har lese. No vert ho reservert hjå årets bibliotek av den eine venninna mi etter den andre.

    Forvitneleg kjærleik, der!

    Klem

    SvarSlett
  3. Dette er virkelig vakkert. Takk fordi du deler.

    SvarSlett