To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 21. januar 2014

Etter Wirkola...

 
Det har aldri vore enkelt å hoppe, og spesielt ikkje etter Wirkola. Etter å ha lese om livet til sjefen førre veke, må eg ta sats lell.

Sist onsdag prata vi litteratur for bygdekvinnene. Vi markerte jubilea til Prøysen og Jansson, drog nye perler fram i dagen, samt utfordra dei trauste kvinnfolka på moderne, seksuelt frigjorde damer i boka Magnhild. Ho hadde nok litt ekstra hjartebank, sjefen, då ho forsiktig tumma fram den vågale boka frå bunken sin i kjellaren her om kvelden -men det var nok berre barnebibliotekaren som vart vàr den kvasse dunkinga på halsen under dei velfriserte lokkane. Det er umogleg å gå attende på slik ein har lova på twitter...
Det likaste var at Magnhild vart først utlånt etter endt bokprat, tett fylgd av Mamsell Iversen! Heile 11 bøker fekk skli ned i nye vesker og bli med inn i nye heimar denne kvelden, og nokre av desse kom heim til damer som framleis ikkje hadde lånekort på Lom folkebibliotek. Formidling nyttar! Vi las og prata om kvinner vi har møtt, som Prøysens Matja Madonna, som steller fjøset julekvelden for at gardskaren skal få litt fri denne høgtidseftan, og Lisbeth Vesllien, som utfordrar lensmannen til innkjøp av ny tanngard dersom ho skal ta seg huspost hos storkaren . Sistnemnde opptrer i Barbra Ring si novellesamling Fnugg frå 1909 -ei lita perle av ei bok, som er super lesnad også i dag.

Myrkredd panikk
Vassen stortå...
Så har eg i det minste teke sats. Må nok trene meir før det store hoppet. I min myrkredde panikk under stjernehimmelen i vintermørk fjellskog, sende eg i går kveld ei melding til sjefen om at treninga er i full gang: Dei obligatoriske kapitla i kveldens barnebok var tråla, ullstilongsen sat trongt om vomma, og pulsen jòg skremt gjennom skrotten, der bikkja og barnebibliotekaren trakka seg oppover gjennom knitrande etterjulssnø. Sjefen tykte vel i det minste litt synd i kompanjongen..? Svaret som kom,
var ikkje uventa; Inga medkjensle var å spore i det boblande biletet av ei vassen stortå som stakk opp frå eit skumhav i eit varmt badekar i sjefsheimen... Det er skilnad på folk, og slik skal det vera. Eg er ingen sjef. Men sjølvbiletet mitt er urokkeleg:

 
Pulserande bloggar: Merete



3 kommentarer:

  1. Dette er vel eit eksempel på at motsetningane utfyller kvarandre!

    SvarSlett
  2. Eg les og humrar, godt skrive!

    SvarSlett
  3. Takk, Siri -denne varma no :-) Men dette med motsetnader som utfyller kvarandre kunne ikkje passa betre enn på oss to, trur eg!

    SvarSlett