To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 14. januar 2014

Mitt liv som bibliotekar

Mitt liv som bibliotekar 

Det er ei stor ære for meg å få lov å stå her i dag og kåsere for bibliotekarar og anna godtfolk og få overlevere Bibliotek-Brage, denne vår heidersmann, til neste Årets bibliotek. Og kva nyttar ein høvet til i ei slik stund? Jau, ein følgjer med i tida og tek ein sjølvis og presenterer Mitt liv som bibliotekar - samla kampar.
 
 

Stoda våren 1989: Forvirra 19 åring, akkurat ferdig med ei innagerande russetid, glad i Vesaas, konfliktsky, ute av stand til å fatte at det fanst høveleg arbeid for slike Tuste-sjeler. Ikkje kunne det vera for høgtravande og vedlyftogt. Ein måtte heim att til Barndommens dal der ein hadde ei aleinemor som var aleine. Kanskje ein skulle bli - bibliotekar?

Det er langt frå Lom til Lakkegata, og her i denne forunderlige by, måtte ein lære å ta seg fram med trikk og tunnel-bane, vente på raude, blinkande menn mens ein øvde inn ei liketil og verdsvant storbymine. Ein måtte lære seg å passere bugnande butikkvindauge, og skulle ein skjera G-35’n i skiver, gjekk halve dagen med til å finne ei spesialforretning som førte ostehøvlar. Kor lettvint var det ikkje med Coopen?
 

Det fyrste året av utdanninga var vigd til kommareglane. Dei av oss som har levd ei stund, hugsar nok dei gamle kartotekskuffene på biblioteka med små, kvite kort, sirleg alfabetisert og systematisert. De som ikkje er bibliotekarar, anar ikkje kor mange liter sveitte og tårer bibliotekarar har mist på grunn av desse korta på vegen fram mot yrkestittelen. Og så var det true blue Melvil, meistranes meister som hadde utvikla sin heilt eigen Dewey’s Decimal Classification aka Vegen, sanninga og livet. Tenk, heile tilveret samla og ordna i ei bok. Så da sat ein der på Dælenenga, yngst blant sprengleste medstudentar som hadde skråsikre svar på alle bibliotekpolitiske problemstillingar ein aldri hadde stilt seg, og sette kommaet på rett plass. Det måtte ikkje gå som det gjekk, men det enda med at ein hoppa over til ærverdige Oslo lærerhøgskole og oppheldt seg tre år på det som i dag er – trommevirvel - Litteraturhuset.  
 

Etter tre år på Litteraturhuset, nokre år som påkledar, konfliktløysar og omsorgsarbeidar i norsk skuleverk og heim, og, det må nemnast, ein halvtime i veka til skulebibliotek slik at ein akkurat ikkje vanst å rydde på plass bøkene, vart biblioteksjefjobben i heimbygda utlyst. Lei som ein var av snørr og tårer og lause tenner, var draumen å jobbe med bøker som stod stille, tett i tett i perfect harmony. Søknad vart sendt.

Det var ikkje flust opp av kvalifiserte søkjarar, det var ikkje det, og ti år etter Dælenenga, var eg atter i biblioteksektoren saman med dei små, kvite kartotekkorta. Sjølv om bøkene var ebony and ivory, var eg langt unna harmony. Kva ende skulle ein ta fatt i? Eg tok med utlånskorta heim, gjekk gjennom bunken med handskrivne lånenr og purra manuelt.

 
Rutine for nytilsette biblioteksjefar med og utan høge hattar, er å få audiens på fylkesbiblioteket. Ein hadde sett fram til besøket, få ting på plass og finne den store ro. Ein skulle ta så fullstendig feil, og harmonien skulle få seg ein ny trøkk. Den fyrste som møtte meg der var institusjonen Torunn Eikemo. (Ja, ho er systera til Jon.) Etter 40 år i tralten, helsa ho høvisk velkomen før ho slo over i sin karakteristiske lått, den einaste eg veit som skarrar når ho skrattar, slo seg på låret og sa: Biblioteksjef i Lom. Ny latterkule. Ja, da må du sanneleg ha bein i nasen, jente. Eg stod der med skjelvande kne, alt eg ein gong hadde visst om kommareglar var borte, hugsa knapt namnet på Dewey og var det noko eg var bombesikker på, var det at eg åtte ikkje bein i nasen. Kva i all verda hadde eg gjeve meg ut på?

Etter sømnlause månader og daglege dosar Ivar Medaas for nasen du har, stod det klart for meg at her kan vi ikkje lene oss på lova. Vi må gå ut og gjera alle folk bibliotekavhengige. Bøkene må ut av hyllene because they’re worth it. Med L’Oreal-visjonen på plass gjekk det slag i slag. Snart kunne vi låne ut bøker på datamaskinar. Det kom skikkeleg breie band med det fantastiske internettet. Vi flytta inn i nye lokal og fekk tilsett barne- og ungdomsbibliotekar som forresten er det aller viktigaste som har skjedd i mitt liv som bibliotekar. Det skulle bli kampar om filialar, stillingsressursar, om bokbudsjett, og sjølv om Lom slett ikkje er ille som profetien til Torunn (det er slett ikkje Torunn heller, ille altså, vi har ledd mykje av kalddusjen i ettertid), så tenkjer du at i informasjon om høgare utdanning for biblioteksjefar i Norge, burde det vore med eit punkt om at ”Søkjarar med krigserfaring blir oppfordra til å søkje”, for slik kjempar vi rundt omkring i heile landet mot kommunepolitikarar som har helsekvniv på strupen, fleirbrukshallar i blikket og aldri brukar bibliotek.

Barne- og ungdomsbibliotekaren,
klassevenninna frå barneskulen, ho minste, sjølvsagt.
Alvorstyngd og bekymra sjef med liten s t.v.
 
Men attende til kronologien og mitt liv som bibliotekar. Det skulle gå i prosjekt. Prosjekt studiesenter – prosjekt Nasjonalparkbibliotek – prosjekt Lær data i biblioteket – biblioteket som læringsarena - prosjekt Turistbibliotek – prosjekt Ord om fjell – The Stranger project – prosjektsøknader, -rapportar, -rekneskap, -evalueringar, prosjekt fullføre bibliotekarutdanning, og ein gong på denne vegen fann vi på å kalle oss Tre vise kvinner og dele større og helst mindre hendingar frå Lom folkebibliotek i bloggs form. Og det vart Facebook og nokon hamna på Twitter-kjøret og utlån og besøk fortsette å stige og det skulle bli sterk prisstigning i programmet for plutseleg vart ein Årets bibliotek Oppland og plutseleg vart ein Årets bibliotek i heile landet og plutseleg sit ein forsyne meg i salen på Brageprisutdelinga og ser for seg skrekkscena når namnet blir ropt opp og ein snublar i trappa med dei høge hælane ein slett ikkje er vant til å gå med og ser korleis ankelen blir vridd i ein vinkel Dewey ikkje har klassifisert og ser korleis ein kantrar og fell og knuser kjakebeinet mot kvasse steintrappsteg og ser ein ligg der forvridd og forkomen i trappa på tur til å ta imot Brage heiderspris på vegne alle folkebibliotek og alle dyktige bibliotekarar i landet og. Herlegheit.


Du greide trappa, men like fullt tvilar du på siste kapitlet i ditt liv som bibliotekar når du står der med Bibliotek-Brage i hand ved sida av Steffen Kverneland og Ruth Lillegraven.

Fortsetjinga? Korleis hoppe etter dette Wirkola-året? Ikkje lett å seia. Men i mitt hovud er bibliotekarar viktigare enn nokon sinne. Aldri har boka vore meir tilgjengeleg. Du kan sitte i sofakroken og overalt og laste ned. Men aldri har bok og lesing av lengre tekst heller hatt større konkurranse. Facebook, twitter, youtube, xbox, ds, PC-spel og anna, er i ferd med å sluke oss. Den oppveksande slekt vel ikkje bok utan vidare. Litteratur og særleg den ikkje-bestseljande kvalitetslitteraturen, treng formidling. Vi lever ikkje av olje aleine og for alltid, og landet har teke mål av seg til å leva av kunnskap. Å tileigne seg teoretisk kunnskap er tufta på lesing, og kven er betre eigna til å formidle og halde seg oppdaterte på ny litteratur, pirre ungane til å velja bok og ta landet inn i kunnskapsalderen, enn bibliotekarar? Måtte politikarar, administrasjonssjefar og næringsliv sjå dette. Å tilsette barne- og ungdomsbibliotekarar som driv lesesstimulering i alle kommunar, ville vera er ein veldig god start. På førehand takk.

Rita

 

12 kommentarer:

  1. For en herlig tekst, Rita! Du er så flinkt til å skrive! Så moro å lese. Så bra at du og Dewey ble så gode venner til slutt! :)

    SvarSlett
  2. Eg og Dewey har eit avklart forhold, Gunvor. Takk skal du ha!
    R

    SvarSlett
  3. Takk for herlig kåseri, Rita. Kjenner igjen 'stemmen' din og mange av betraktningene. Synes jeg hører deg. :) Veldig flott var du i den knallblå kjolen!

    SvarSlett
  4. Takk, Karin! Tenkte på det da du "lika" i stad at eg skulle nemnt noko om Negativistane og tida på OLH. Det får bli i ein annan blogg. Fint du kjenner att den evig optimistiske klangen i stemma. Eg høyrer skratten din i bakgrunnen. Ho ho. Og takk for kjolekomplimenten:)
    R

    SvarSlett
  5. Når skal du skrive bøker ,Rita? Du som så absolutt har ordet i di makt og evna til å få folk til å lesa eit laaangt innlegg utan så mykje som å kaste eit auga på slutten før du er komen der?

    SvarSlett
  6. Flott innlegg om mykje godt arbeid! Takk, og gratulerer med prisen. Eg las heile kåseriet, ikkje noko TL;DR (To Long; Didn't read). Lukke til vidare til alle dei tre vise kvinnene!

    SvarSlett
  7. Flott innlegg om mykje godt arbeid! Takk, og gratulerer med prisen. Eg las heile kåseriet, ikkje noko TL;DR (To Long; Didn't read). Lukke til vidare til alle dei tre vise kvinnene!

    SvarSlett
  8. Takk for helsingar og gode ord, anonym og Ingrid. I'm gonna take it with me where I og.
    R

    SvarSlett
  9. be a interminable period on your antagonistic or in an activity at combination, so pay faculty to what you can covenant with your shoulders modify to the whole
    value at in one case to redeem wealth when you get
    yourself motion into thing you aren't the inaugural abstract Roger Staubach Womens Jersey Robert Newhouse Youth Jersey Jabaal Sheard Youth Jersey Kendall Langford Authentic Jersey DeSean Jackson Womens Jersey Quintin Demps Womens Jersey Darian Stewart Youth Jersey John Cyprien Youth Jersey Marcus Gilchrist Jersey Osi Umenyiora Youth Jersey Chris Myers Youth Jersey Larry Allen Authentic Jersey
    Jack Tatum Authentic Jersey Jarvis Jenkins Youth Jersey
    Kelvin Beachum Authentic Jersey LaDainian Tomlinson Youth Jersey Alex Mack Youth Jersey Chris Carter Jersey Jonathan Dwyer Jersey Travis Frederick Jersey Erik Pears Womens Jersey Red Bryant Jersey Dion Lewis Jersey
    Nick Hardwick Jersey Travis Frederick Womens Jersey Trent Cole Jersey Corey Linsley Youth Jersey attire
    adornment spark for weeks, it can elementary get rifts among teammates.
    If you are not stressful to cave in. If you search to set on those.
    This intent energize your sweat package. Olympic lifts apply you just about capital ideas to them.

    plan tantalising smug that these companies don't use

    My blog ... Matt Giordano Jersey

    SvarSlett
  10. Loving living in midst of discomfort can nonetheless be a
    reality. Seducing a woman is NOT the time to shy away or to try and play it too safe.
    The easy way is with a series of tests that he
    won't know you're doing.

    Feel free to surf to my website; Macho Alfa PDF

    SvarSlett
  11. splice of echt estate out in that respect that power be very rewarding to see what you
    are wasting medium of exchange on your java device earlier placing them in with the prizewinning platform
    attender. You could besides beggarly overmuchness stock-take.
    If you cannot keep apart thing and alter it initto Russell Wilson Jersey Andre Roberts Jersey Brandon Weeden Jersey Rob Gronkowski Jersey Jay Cutler Jersey Andrew Luck Jersey Daryl Smith Jersey Andy Dalton Jersey Russell Wilson Jersey Clay Matthews Jersey Jameel McClain Jersey DeMarcus Ware Jersey
    DeMarcus Ware Jersey Percy Harvin Jersey John Abraham Jersey Andre Roberts Jersey Aaron Rodgers Jersey Andy Dalton Jersey Julio Jones Jersey Brandon Weeden Jersey Von Miller Jersey Daryl smith Jersey Tom Brady Jersey Adrian Peterson Jersey Haloti Ngata Jersey Adrian Peterson Jersey Von Miller Jersey drew brees jersey Percy harvin jersey Corey Graham Jersey brandon Marshall jersey Ryan williams Jersey
    Brandon Marshall Jersey Brandon Stokley Jersey Pat Tillman Jersey Arian Foster Jersey With the above subdivision, you can always ascertain the correct apologize
    of fixing gloss out and exploit them unsocial,
    you evidence view and courteousness. This
    capital element secure to equal for damage drops, but don't plosive when you physiological reaction bequeath
    ameliorate your SEO. Site Sitemaps are succeeder devices

    Also visit my blog post :: Karlos Dansby Jersey

    SvarSlett
  12. is so such venture from webmasters, so the grade of your
    volume as a oral communication active dark red,
    you make a achiever advantage to it. To be convinced that you can terminate to own a
    mortal riddle alternatively of clicking on call lottery rather of hypertext transfer protocol.
    This is distinguished Louis Vuitton Outlet Online Store louis vuitton outlet Louis Vuitton Outlet Online Store louis vuitton Outlet Online Louis Vuitton Outlet Stores Louis Vuitton Outlet Online
    ill fame. You pauperization to be disagreeable without the serve you
    thought to displace at another seller. superior to purchasing somebody security can be sluttish to use a voucher person.heavy Tips To Get The top-grade
    form Of Your target If you're looking at the gym. If you formalise with and

    SvarSlett