Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 7. januar 2014

Stempla dame

Ho har hatt nokre dagar ferie. Nok til å pønske ut nye tiltak for å gire opp dei to undersåttane til prestasjonar å banke i bordet med. Ho kvidde seg nok litt denne gongen. Ho veit det er hårsårt. Heile nyttårspersonalmøtet gjekk utan at ho fekk sagt det. Men vi høyrde dei ekstra kremta. Såg at dei blanke blå flakka litt. "Da har e kje meir."

Vi tenkte arbeidsdagen var over. Rydda bort dei siste bøkene, la kontaktpapir på attgløyma. Då gløtta ho varsamt fram bak den store, kvite bakromsdøra: "Ehem..., ja det va någå te e ha tæinkt på... Døkk veit denna læsetie? E trur oss må spikre o." Ho smatt litt lenger fram i skrankeområdet, lodda stemninga. "Har du spikar, da?" Eg kunne ikkje dy meg.

Ho sjølv er så gild med desse avisene -trålar dei
opp og i mente på jakt etter gode lesetips og friske bokomtaler. Effektiv lesetid. Når ho sjølv er ferdig med bunken, snik ho den alltid inn på den knøttvesle pulten dei to undervise må dele inst i det elles så trivelege pausekottet. Naudsynt proviant og livsviktig medisin, deriblant balsamerande trutsmorning, druknar i nyhende og gjer arbidsplassen kvelande trong. Tidlegare freistingar med sundagsskulestjerner på skjema vart ikkje den heilt store suksessen; einskilde oppfatta ikkje aldelest bruken, medan andre fekk ekstra glansa stjerner som blenda ein stakkar når kaffikoppen skulle ærast med påtår i økta. "Dæ så viktogt at oss bruka ti på detta!"

 Naturlegvis hadde ho spikar. Kvar hammaren kom frå, er uvisst -nyttårstronge bukselommer kunne umogleg lagre slik reiskap. Kvass hamring ljoma snart gjennom lokala, og bakrommet var brått dekorert med spritraude bokstavar, type stor, for å understreke pålagd oppgåve. Lykkelegvis fekk vi velja tidspunkt for djupdykka, og underteikna sørgde for å få lesetid likt med Sjefen. Då er avisene opptekne.

Godt nytt arbeidsår til dykk alle -med eller utan pålagd lesetid!

Bloggar under trykk: Merete

3 kommentarer:

  1. Strålende idé! Men har sjefen en anbefalt( eller befalt ) leselengde?

    SvarSlett
  2. Har høyrt noko mumling om ein times tid i veka, men dette er ikkje skjematisk stadfesta -enno...

    SvarSlett
  3. Eg har investert i stoppeklokke.
    sjefen

    SvarSlett