Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 17. desember 2013

Årsmelding 2013 Lom folkebibliotek

Tampen av året brenn og tre vise kvinner med den. Bibliotekboksaren lyser mot oss i heilfigur i hovudstadspressa. I går ende han opp som toppsak på nettsida i Gudbrandsdalen Times. Tre vise kvinner dreg krakken bortåt eit ørlite glas Champagne, set seg ende ned og ser attende på dette herlegheitens år 2013. Bli med oss på vår vesle kavalkade. Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: At det går an!

Vi åtvarar mot sterke innslag av bibliotekarar og høgt sjølvis-nivå. Orsak, det måtte berre bli slik denne gongen.

Januar

Lom folkebibliotek nominert til Årets bibliotek 2013. Anders Ericson si reportasje i Bibliotekforum: http://www.bibliotekforum.no/article.php?id=2696

Aftenposten 10. januar: http://www.aftenposten.no/kultur/Lom-har-landets-beste-bibliotek-7087995.html 
And the winner is: Lom folkebibliotek. Prisutdeling 10. januar i Det Norske Teateret. Utdelinga av prisen innleia også markeringa av 100 årsjubileet for Norsk Bibliotekforening.

 
Medan tredje viskvinne stelte bokheime. Tre må ein vera. Det hadde ikkje gått elles.
 
  

 Februar

Det vart litt av eit pes med journalistar på dørene som forventa posering. Denne tok eit djupdykk i Lom folkebibliotek si vidgjetne Bokkasse og fann - sigarar. 
 
Foto: Elias Sperstad, GD.
 

Viskvinne reiser til Belfast. The Stranger project. The Friendship Club.

 
 
Medan andre viskvinne møter forfattarheltar og anemonesongarar i Oslo.
 
F.v.: Synneva Erland, Ragnar Hovland, andre viskvinne.

 
Startskotet for Bibliotekstafetten i høve Norsk Bibliotekforening 100 år gjekk av i Lom 22. februar.

Hege Newth Nouri, tre vise kvinner, Reidar Kjelsen, Brit Bildøen

Mars

Lansering av ny krim frå Lom, Kroken og Kolden: Døden kjem med bussen.



Påske. Bibliotekarane les. Og anbefaler
Merete: Nærmere høst. Rita: Air mail. Torill: Fuglen.
 

 April

Out and about. I april var vi ute og prata om formidling, og om kva eit lite bibliotek i provinsen kan få til med små ressursar. Balestrand og Gol.
Førebuingar til foredrag for bibliotekarane i Buskerud. 

 Mai

4 veker leselystkampanje 3. klasse.

Bokgorm og sidometeret.

  Gubben og katten i barnehagen


Russerevy
Strek støvkostscene frå biblioteket

 

 Juni

Førebuingar til Diktardagar. Alle 3. klassingar i Lom og Skjåk las Bjørnen Alferd og hunden Samuel av festivalforfattar Hovland og laga kunstverk til.
 

 

Damenes aften, The Stranger project. Ei av dei aller finaste sidene i minneboka vår dette året.

 
 
Vi set i gang Sommar+Bok, leselystkampanje i sommaferien for elevar i grunnskulen i vår region. Eit ljost hovud hadde ideen til armband for kvar 5. lesne bok. Det funka feitt!
 

 

Juli

Bibliotekboxaren ser dagens ljos. Øisteins blyant får den aller fyrste. Biblioteket arrangerer teiknekonkurranse med tema Det usynlige menneske før Diktardagar.
 
 

August

Diktardagar for barna
 
Det usynlige menneske ved Øyvind Kvalnes http://vimeo.com/67501337,
Vidar Kvalshaug og Ragnar Hovland gjesta biblioteket.
 
 
 Lomsrussen profilerer bibliotekboksarane

September

The Stranger's meeting in Kahramanmaraş, Turkey. Picnic by the river. 

 
 


 Sommar+Bok: 90 unge lesarar i Lom las 1545 bøker i sommar. 412 frå heile regionen, 6285 bøker!
 
 
Foredrag om formidling i Buskerud der (nesten) alle dei tøffe biblioteksjefane har bibliotekboksar.
 

Oktober

Studieturistar frå Sarpsborg. Anette Kure inviterte med bibliotekarane sine på studietur til Lom. Respektabelt!
 
Eit tjuetals bokpresentasjonar for barn og ungdom frå helstestasjon til ungdomsskule. Bok & Bacalao for vaksne. Ho har lese uhorveleg mange bøker i år med tilhøyrande førebuingar. Det hender at eg tek av meg hatten for ho.
 
  
The Stranger project: Meeting in Tuscany, Italy.
 
 

November

VirrrVarr med Kloven Knut.
 
 

 Bok & Bacalao. Bibliotekarane nesten klare til å presentere sine beste leseopplevingar i år.
 
Linn T. Sunne tok turen til Lom ein onsdag i november
for å bokprate saman med oss. Respektabelt.

Bacalao frå Schakenda.
 
Folkebiblioteka får Brages hederspris. 
Ei useieleg stor ære å få ta imot prisen på vegne av folkebiblioteka
saman med desse forfattarane.

 

 Desember

Den beste julehandelen gjer du på biblioteket. Arbeidssenteret gjestar oss 1. fredag i advent kvart år.
 
 
 
Stuttlista til bibliotekarane 2013

Og så stod det ein bibliotekboksar i Dagbla. Tusen takk til PFU for oppsving i salet...
 

 

og til GD for toppsak i nettavisa i går.

Juleavslutning Fossheim.
Takk for at du har vore med oss på vandringa. Takk til alle flittige bibliotekbrukarar i Lom og omegn, til alle følgjarar på blogg og i andre sosiale medium, til juryane som kåra Lom til Årets bibliotek og peikte ut folkebiblioteka til vinnarar av Brage hederspris, til politikarar og andre som kjempar for gode bibliotektilbod, til bibliotekarar som har invitert oss rundt omkring i landet for å prate om biblioteket vårt, til studieturistar som har gjesta oss i år, til forfattarar og forlag som står for bokproduksjon og elles til alle bibliotekvener fjern og nær. You made our year! God jul og godt nytt bibliotekår til dykk alle.

Bibliotek-Brage helsar til alle folkebibliotek rundt om i landet. Vi reknar med han kjem rundt og helsar på nokre av dykk neste år.


Julehelsing frå Tre vise kvinner ved Rita

 

2 kommentarer:

  1. Og dette hende medan Kvirinius var landshøvding i Syria, men det var ein annan gong. Jamen hatt i gjennom mangt og mykje
    på eit år døkk og!

    SvarSlett
  2. Litt av eit år for oss. Ikkje heilt til å tru.

    SvarSlett